...
The Rainmakers sikra god stemning på Vassbakken. Foto: Amalie Lereng

Storkosa seg i Sogn

Det kjende amerikanske rockebandet The Rainmakers heldt spontan intimkonsert på Vassbakken kro & camping fredag.

Amalie Lereng E-post
Publisert 25.06.2012 kl 14:31 Oppdatert 25.06.2012 kl 14:34

Tips ein venn på e-post:

Rockebandet hadde si stordomstid på 80-talet, og om lag 80 personar fekk med seg den stemningsfulle konserten på Vassbakken.

– Vanlegvis er publikumet vårt større, men me har faktisk spelt mindre konsertar enn dette, seier vokalist Bob Walkenhorst til Sogn Avis.

– Vakker natur

Bandet, som består av Bob Walkenhorst på vokal og gitar, Rich Ruth på bass, Pat Tomek på trommer og Jeff Porter på sologitar, kom til Vassbakken torsdag, og fekk soleis tid til å utforska noko av vestlandsnaturen. Mellom anna rakk dei innom Jostedalsbreen og ein gåtur opp ved fossen på andre sida av vegen for Vassbakken.

– I Kansas City er det heilt flatt, så for oss er det veldig spesielt å sjå vakre fjell. Me køyrde til Vassbakken frå Skien og brukte 12 timar på bilturen. Eg tippar fire av desse timane var stopp for å sjå på naturen, seier Walkenhorst.

På førehand hadde den amerikanske rockegruppa blitt åtvara om at dei truleg kom til å bli ein smule redde på vegen ned fjellet mot Fortun.

– Men det gjekk forbausande bra. Det var faktisk ikkje så gale som me hadde trudd, smiler vokalisten.

– Fekk sjokk

Fleire av dei som tok turen til Vassbakken for å få med seg konserten, har følgd bandet sidan karrieren starta på 80-talet. Ein av desse var Atle Torvanger.

– Eg hadde den første plata deira på vinyl. Eg var i syden det året, og eg spelte musikken deira konstant, seier Atle Torvanger, som kom frå Sogndal for å få med seg konserten.

– Eg heldt på å få sjokk då eg såg i avisa at dei skulle hit. Då var det berre ting å gjera, og det var å hiva seg på. Det er rett og slett knalltøft at dei kjem hit, seier han.

Populær gruppe

Det er første gong det noregs-kjære bandet vitjar Sogn og Fjordane. The Rainmakers gjorde stor suksess på 80-talet etter å ha gjeve ut sitt første album i 1986. Det vart mykje radiospeling og bandet la ut på turnear både i heimlandet og i verda. I Noreg fekk dei ein særleg stor tilhengarskare.

– Kva er det som gjer dykk så populære hjå nordmenn?

– Eg trur me var heldige med timinga. Me fekk veldig god pressedekning og heldt gode konsertar. Plutseleg visste alle kven me var, seier Walkenhorst.

Gruppa blei oppløyst i 1998, men kom saman att i fjor. Ifølgje vokalisten har det aldri vore kjekkare for firkløveret å spela saman enn no.

– Me ser at me har blitt ein del av folks liv og at musikken vår har betydd mykje for mange. Det er ei veldig fin kjensle, seier han.

Sjå The Rainmakers spela på Vassbakken

...

Dei amerikanske rockarane spelte i helga på Vassbakken kro & camping.

Sjå bilete


På forsiden nå


...

Jublar over sunnare ungdom

Nyhende Rusbruken blant årdalsungdom har gått drastisk ned sidan 1999. Les meir

...

Areal til butikk er ute

Nyhende Planane om eit forretningsbygg, truleg ein matbutikk, i Nedrehagen er skrinlagde. Les meir

...

Tek over Sognenett

Nyhende Med energiselskapa som eigarar skal det satsast fleire titals millionar kroner på å rulla ut breibandfiber til sogningane. I løpet av eit knapt år har Sognenett meir enn dobla talet på tilsette. Les meir

...

Berre seks politidistrikt

Nyhende Politianalysen føreslår å slå Sogn og Fjordane politidistrikt saman med Rogaland og Hordaland. Tal lensmannskontor er føreslått redusert med 40 prosent. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.