Sogningane gjorde seg merka på Lillehammer i helga.
Deltakarane frå Sogn gjorde det godt under Veidekkelekene på Lillehammer i helga. Med over 1000 deltakarar blei det fire dagar lange stemnet arrangert for 35. gong.
Sette stemnerekordar
Jennifer Mjøs (11) og Kristiane Sekkingstad Terum (12) sette begge stemnerekordar på 200 meter. Med tidene 29.19 og 28.03, blei det klare sigrar til dei raske jentene frå Aurland IL. Dei to vann i tillegg A- finalen på 60 meter med solide 8.75 og 8.38, noko som var personlege rekordar for begge to. På søndag stod lengde på programmet og Jennifer sikra seg siger i si klasse også her. Kristiane kom på andreplass, og vann seinare på dagen 600 meter med tida 1.45.42.
Sterk sprint
Vegard Aafedt Bukve, Jotun IL viste god sprintform, og persa både på 60 meter og 100 meter. På den kortaste distansen blei det ein sterk 5. plass i A-finalen med flotte 7.94, berre 5/100 frå pallen. På 100 m blei det 6. plass med 12.83. I lengdegropa strekte Vegard seg til 5,00 meter, noko som heldt til 7. plass.
Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.