Fekk ny heim, men forsvann.
Etter merksemda i Sogn Avis 9. juni fekk katten Buster ny fosterheim. Men før han rakk å komma til rette, rømde katten.
– Dagen før hadde Buster blitt overflytta frå den fyrste fosterheimen i Sogndal til ein annan stad i Sogndal. Han kom seg diverre ut av huset, og har no vore borte sidan 11. juni, fortel Bodil Eikeset, leiar i Norsk Huskattforening.
Ho trur han held seg i området rundt Rutlin, men ynskjer tips for å få katten heim til dei nye eigarane i Feios.
Har du sett Buster?
Kontakt leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn, Randi Aarethun på telefon 913 57 444.