...
Foto: Arkiv

Rus og skadeverk

Politiet fann rusa mann liggande ute.

Publisert 24.06.2012 kl 10:18 Oppdatert 24.06.2012 kl 10:27

Tips ein venn på e-post:

Klokka 01.00 natt til søndag måtte politiet ta hand om ein overstadig rusa mann. Politiet kom over mannen som låg ute i Leikanger sentrum. Mannen, som er i 50-åra, vart teken hand om av helsepersonell og køyrd til Førde sentralsjukehus.

Jonsoknatta hadde meir å by på for politiet i Indre Sogn.

Politiet fekk klokka 01.45 varsel om ein hund gjekk laus ved ein utestad i Vik sentrum. Eigaren, ein mann som viste seg å vera rusa, fekk beskjed om å ta med hunden heim att.

Klokka 03.10 melder vitner frå om skadeverk på ein personbil på Leikanger, og dette blir følgt opp at Sogndal lensmannskontor.

Klokka 03.36 vart det meldt om skadeverk på ein bil i Vik. Politipatruljen kom over ein bil i sentrum der vindauge og tenningslåsen var skada. Bilen var utlandsregistrert.

Vik lensmannskontor kjem til å følgja opp saka.

Politiet hadde også ein fartskontroll i Øvre Årdal på jonsokkvelden. Kontrollen vart gjennomført på fv 53 i 80 km/t sone. Tre førarar fekk forenkla forelegg, og høgste målte fart var 102 km/t.

I 05-tida natt til søndag er politiet blitt gjort merksame på at ein båt utan påhengsmotor ligg på rek i Årdalsvatnet utanfor Naustbukttunnelen. Det var ikkje personar i båten, og politiet ber dei som har opplysningar om å ta kontakt.



På forsiden nå


...

Aksjonerte for betre busstilbod

Nyhende KrFU aksjonerte for betre busstilbod med å ta natta i eit telt utanfor skysstasjonen i Sogndal. Les meir

...

Desse kjem til Målrock

Nyhende Programmet til den ellevte utgåva av Målrock er nesten i boks. Les meir

...

Målfest for Fjøra

Sport Sendte Høyang heim som slakt i 4. divisjon fredag kveld, medan Kaupanger spelte uavgjort. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.