...
Duoen Isglem driv med fri improvisasjon og er svært nøgde med innspelinga i Lærdal. Mellom anna blei stein frå Jotunheimen, bjeller frå Kina og 800 år gamal furu frå Nordland brukte som instrument under innspelinga.

Imponerte over nytt lydstudio

Duoen Karl Seglem og Terje Isungset spelte inn plate i Lærdal.

Publisert 23.06.2012 kl 11:50 Oppdatert 23.06.2012 kl 11:50

Tips ein venn på e-post:

– Her kjem me gjerne attende, seier dei.

Lydstudioet i Lærdal stod klart i fjor haust, og duoen Seglem og Isungset er full av lovord om studioet.

– Mikrofonane og utstyret er heilt supert. Det er rett og slett imponerande. Det freistar veldig å komma tilbake, seier dei.

God respons

Ifølgje dagleg leiar på lydstudioet, Tom Karlsrud, er ikkje duoen dei einaste som er nøgde.

– Måten folk har tatt imot studioet på er veldig positiv. Folk seier dei gjerne vil komma attende, og det viser jo at studioet er liv laga, seier Karlsrud. Studioet stod ferdig i fjor haust og er lokalisert i kulturhuset. Det er kommunen som eig lokala, medan utstyret, som har ein verdi på 500.000 kroner, er eigd av Lærdal musikkproduksjon. Så langt er seks plater produserte i studioet, i tillegg til fleire demoar.

– Målet med eit slikt studio er å gi eit tilbod til lokale musikarar, men me er avhengige av at folk kjem hit utanifrå for å få det til å gå rundt.? Det er difor svært gledeleg at tilbakemeldingane er så gode, seier Karlsrud.

På heimebane

Duoen Seglem og Isungset brukte til saman to dagar i studioet på å spela inn det som skal bli deira femte album saman. Albumet er ikkje venta å koma ut før i løpet av 2013 på grunn av ein hektisk haust med mykje konsertar og festivalar.

– Men det er veldig stas å kunna spela inn på heimebane. Me har fått hjelp til å setja opp utstyret, men elles har me styrt på sjølve. Det har vore heilt topp, seier duoen.



På forsiden nå


...

Skuffa over ikkje å få spela

Sport Magnus Stamnestrø (21) har opplevd nokre skuffande første månader i Sogndal. Les meir

...

Gjenreist og nyopna 20 år etter starten

Nyhende Breheimsentret har reist seg att, på rekordtid. Elleve månader tok det for AH Bygg, og ei handfull dugande handverkarar frå Sogn, å gjenreisa den unike bygningen. Les meir

...

Nytt tap for Vik

Sport Jarle Christensens menn gjekk på sesongens femte tap borte mot Varegg i ettermiddag. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.