...
Styreleiar i Helse Vest, Oddvard Nilsen. Foto: Arkiv

Meir til Helse Førde

Ein ny inntektsmodell for helseføretaka på Vestlander er klar.

Publisert 22.06.2012 kl 15:34 Oppdatert 22.06.2012 kl 15:34

Tips ein venn på e-post:

Frå neste år ligg ein ny modell til grunn for finansieringa av helseføretaka på Vestlandet. Alle føretaka støttar opp om modellen som blei vedteken av Helse Vest-styret i dag.

– Eg er glad for at alle i prosjektet stiller seg bak arbeidet. Dette er ei revidering av den solide modellen som ligg til grunn frå 2009 og tidlegare. Det er viktig at vi fangar opp endringar i føresetnadene slik at den økonomiske fordelinga blir så rettferdig som mogleg. Det gjeld blant anna endringar i pasientflyt og demografi, seier styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest i ei pressemelding.

Eksperthjelp

Helse Vest har fått hjelp av Noregs fremste ekspertar på helseøkonomi i arbeidet med ny inntektsmodell. Rapporten frå prosjektgruppa har vore på høyring i føretaka – som alle stiller seg bak den.

– Inntektsmodellen er eit kompromiss mellom føretaka der alle må gi litt. Dei som får ein nedgang i inntektsramma si med ny modell får difor ein periode på to år til omstilling. Det gjeld Helse Bergen i dette tilfellet, seier Oddvard Nilsen.

Eit strukturtilskot vert i tilleg gjeve til to av helseføretaka. Helse Førde har spesielle utfordringar som ikkje blir fanga i analysane. og mottek derfor eit tilskot som gjer det mogleg for føretaket å levere eit positivt resultat på sikt.

Dei beløpsmessige endringane/ effektane med ny inntektsmodell blir slik:

- Helse Førde: 40 mill

- Helse Bergen: - 68,1 mill

- Helse Stavanger: 67,6 mill

- Helse Fonna: 20 mill



På forsiden nå


...

Slo ned busssjåfør

Nyhende Passasjer svara med knyttneven då han blei nekta transport. Les meir

...

Sogningane står samla

Nyhende Både Sogn og Sunnfjord har teke sin del av skulekutta. No blir nordfjordingane bedne om å gjera det same. Les meir

...

Utdannar første kull

Nyhende Dei 38 første barnehagelærarane i landet vert utdanna i Sogndal. Les meir

...

Konkurrent overtek maskinene

Nyhende Det er ikkje igjen snev av håp om å berga spisskompetansen på marine himlingar. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.