...
?EKSPEDISJON: Gjekk under namnet «Return too the Penguin Kingdom». Foto: Jørn Allan Pedersen

Iskald utstilling på Galleri Krydder

Det vert ikkje nett sommarstemning når Galleri Krydder opnar fotoutstilling frå Antarktis midt i juli.

Eli Grotle E-post
Publisert 22.06.2012 kl 20:00 Oppdatert 22.06.2012 kl 20:00

Tips ein venn på e-post:

Den spesielle utstillinga, som galleriet i Sogndal er dei første til å få syna fram, skal pryda dei intime utstillingslokala frå 16. juli til 18. august.

Det er Jørn Allan Pedersen som er fotograf og som i november/desember deltok på ekspedisjonen til Antarktis. Føremålet til ekspedisjonen var å setja fokus på klimaendringar og vart støtta av Røde Kors og Naturvernforbundet.

Brosjyre

Det er difor laga ei brosjyre knytt til utstillinga og eit eventuelt overskot frå den vil gå til å fremja Naturvernforbundet sitt opplysningsarbeid om klimaendringar. I brosjyren er det og knytt ein liten faktaopplysing frå Antarktis til kvart bilete. På den måten skal utstillinga også bidra til auka kunnskap om dette enorme kontinentet på ein enkel måte.

Pingvinar

Ekspedisjonen gjekk under namnet «Return to the Penguin Kingdom», og var tilrettelagt med det føremål å heidra Roald Amundsen sit 100-års jubileum, og samstundes setja søkjelyset på dei komande 100 års utfordringar relatert til klimaendringar.

– Høgdepunktet på turen var å vitja ein forsøksstasjon, halde konsert for pingvinane og bestiga ein topp i Antarktis der det ikkje har vore menneske tidlegare, fortel fotograf Pedersen.

Han seier at bileta har som mål å gjengse noko av den vakre naturen som finst på verdas reinaste kontinent. Han vonar at bileta skal bidra til ettertanke og skapa engasjement for framtida.

...
?TIL?SOGNDAL: Jørn Allan Pedersen kjem med fotoutstillinga frå den Antarktiske Halvøya til Galleri Krydder. Foto: Jørn Allan Pedersen


På forsiden nå


...

Kystvakta rydda fjorden etter raset

Nyhende Ber småbåtførarar vera på vakt. Les meir

...

Offerdalsvegen opna att

Nyhende Vart stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida laurdag. Les meir

...

Vil halda på fritt skuleval

Nyhende Noralv Distad og Høgre ønskjer å behalda Hordalandsavtalen for elevar i den vidaregåande skulen.. Les meir

...

Først ut med ny storfilm

Nyhende Sogndal Kino før verdspremeieren. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.