...
KULTURARV: Judith Vestrheim får servert heimelaga vanilje og rømme saman med pære og hellebærkake. Ho meiner det er viktig at museet fremjar og tek vare på den norske kulturarva. Foto: Camilla Skjær Brugrand

– Vil ha ekte råvarer

Kvar onsdag ut sesongen blir det baka, rørt og steikt lokale rettar på De heibergske samlingar folkemuseum. Lokale delikatesser gjev meirsmak blant gjestene.

Camilla Skjær Brugrand E-post
Publisert 20.06.2012 kl 14:36 Oppdatert 20.06.2012 kl 14:50

Tips ein venn på e-post:

– Museet blir ein arena for å presentera ikkje berre gjenstandar og den gamle livsstilen, men også den lokale maten som folk levde av på den tida, og som framleis er aktuell i dag, seier Judith Vestrheim som arbeider på museet.

Kulturformidlar

Kvar onsdag i heile sommar kjem det lokalprodusentar og kokkar for å laga kortreist mat og servera til dei besøkjande. Mange av kokkane som var der i fjor kjem attende, men det er også duka for nye innspel denne sommaren. Museet vil i år presentera sin eigen lokale rett der dei har planar om å bruka kortreiste ingrediensar som urter frå hagen, ost frå Undredal og ein lokal kjøtvariant.

– Me fungerer som ein kulturformidlar både på matfronten og for korleis menneske levde i Sogn før i tida. Det er ein viss tyngde på maten som me lagar på kjøkenet her, seier Vestrheim.

Matglade turistar

Dette er femte sesongen dei tilbyr lokalmat på onsdagar.

– Turistar synest det er spennande med kortreist mat. Dei spøre titt og ofte etter lokale rettar. Særleg populær er rømmegraut med spekemat og fersk brødbakst. Grunna den store populariteten har me valt å servera dette kvar søndag framover, seier Vestrheim.

Føretrekk kortreist

Hege-Beate arbeider om sommaren som kokke på kjøkenet til Sogn Folkemuseum, og meiner dette er draumejobben å vera omringa av god lokalmat og historie.

– Når eg reiser til Spania vil eg smaka tapas, og når eg er i Italia vil eg helst eta den lokale pastaen. Eg trur tilreisande har det på same måten, dei ynskjer å smaka på den lokale delikatessa. Nytt nordisk kjøken er jo litt i vinden for tida også. Folk ynskjer ikkje industrimat, dei vil ha ekte råvarer og ekte mat, seier Andersen.

Les meir i papirutgåva eller e-avisa

...
LOKAL DELIKATESSE: Dagens hovudrett bestod av grilla laks, heimelaga original potetsalt, pesto og ein kortreist salat med berre lokale råvarer. Foto: Camilla Skjær Brugrand
...
TØR Å PRØVA NOKO NYTT: Hege-Beate Weum Andresen arbeider som kokke på museet i sommarhalvåret. Ho er svært nøgd med å kunne drive med det ho likar best og i tillegg vera omringa av så mykje historie. Foto: Camilla Skjær Brugrand


På forsiden nå


...

Gjenreist og nyopna 20 år etter starten

Nyhende Breheimsentret har reist seg att, på rekordtid. Elleve månader tok det for AH Bygg, og ei handfull dugande handverkarar frå Sogn, å gjenreisa den unike bygningen. Les meir

...

Nytt tap for Vik

Sport Jarle Christensens menn gjekk på sesongens femte tap borte mot Varegg i ettermiddag. Les meir

...

Stengd etter ras  

Nyhende Offerdalsvegen et stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida i ettermiddag. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.