...
?NY SESONG: Mats Vatlestad og Marius Loftesnes er klar for ein ny sesong med Sogna-Jam. Foto: Arkivfoto

Klare for meir Sogna-Jam

Årets fyrste jam i sentrumsparken.

Håvard Nesbø E-post
Publisert 19.06.2012 kl 17:00 Oppdatert 19.06.2012 kl 17:00

Tips ein venn på e-post:

Laurdag 30. juni vil Sogna-Jam starta opp att fjorårets suksess, fyrste gong i samband med Sognefjord Lerum Cup. Den fyrste konserten for sesongen vert flytta ut av Kafe Krydder til den veleigna sentrumsparken i Sogndal.

Sogna-Jam har tidlegare hatt fredagar som fast konsertdag, og slik vert det i år også. Årets fyrste jam vert flytta for å tilpassa seg resten av programmet under cup-helga. Det vert mogleg å kjøpe grillmat, og butikkane held langope, så alt ligg til rette for ei flott utandørs musikalsk oppleving i sentrumsparken til Sogndølene.

Flyttar utandørs

– I samband med Lerum Cup er det venta store mengder menneske i sentrum av Sogndal desse dagane, og det er då naturleg å halde dette utandørs, seier Marius Loftesnes som i lag med Mats Vatlestad er primus motor bak initiativet.

I ryggen har Loftesnes blant anna handelsforeininga Sogndal Handel og Service, som ynskjer at dei mange tilreisande også skal få oppleve sentrumsparken frå si flottaste side denne kvelden.

Alle kan delta

Sogna-Jam vart for fyrste gong arrangert i fjor sommar, som eit svar på Sogn Avis sine mange saker om manglande tilbod i Sogndal om sommaren.

Arrangementet er i tett samarbeid med Kafe Krydder, og konseptet går ut på at kven som helst er velkomne på scena for å syngje og spele. Sogna-Jam vil bli arrangert seks fredagar i sommar, og meir informasjon om arrangementa kan ein finna på Facebook eller i brosjyrane som skal sendast ut. Ifølgje Loftesnes er terskelen låg for å entre scena.

– Me hadde fantastiske kveldar i fjor, og me ønskjer at så mange som mogleg får oppleva den magiske stemninga, avsluttar Loftesnes.



På forsiden nå


...

Skulle feira fødsel

Nyhende Dømd til fengsel i åtte månader. Les meir

...

Fuktig tur enda i krasj

Nyhende Fengsel og 30.000 kroner i bot. Les meir

...

Dømd etter påkøyrsle

Nyhende Køyrde ned fotgjengar i gangfelt. Les meir

...

Moro for dei minste

Nyhende – I år har me prøvd å gjera det litt kjekkare for borna, seier leiar for Kulturdagane, Turid Øiene. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.