...
BARSEL OG FØLJETENESTE: Kjellaug Fredly, ass. avdelingssjef ved Kvinneklinikken, Helse Førde, jordmødrene Sigrid Karin Lysne, Satu Miilunpohja Henell, Rigmor Chruickshank, føretakstillitsvald Bente Eikås i jordmordforeininga og avdelingssjef ved Kvinneklinikken Tom Guldhav har jobba fram den nye ordninga. Foto: Renate Sæle

Kan velja barsel i Lærdal

Fødande i Indre Sogn kan velja å ha barseltida si ved Lærdal sjukehus. – Ei god løysing, meiner jordmødre.

Renate Sæle E-post
Publisert 17.04.2012 kl 15:33 Oppdatert 17.04.2012 kl 19:15

Tips ein venn på e-post:



Utgangspunktet var nedlegging av fødestova i Lærdal. Det tvinga lokale jordmødre, tiliitsvalde, verneteneste og brukarrepresentantar til å tenkja nytt om svangerskapstilbodet i indre Sogn.

Barsel i Lærdal

Den nye organiseringa, som truleg kjem i gong i mai, fører til at kvinner i Indre Sogn som har fødd i Førde eller på Voss får moglegheit til opphald ved sjukehuset i Lærdal i barselperioden.

– Me ser også føre oss at kvinnene kan vera i Lærdal på barsel i ein ventesituasjon, i påvente av fødsel der ein avklarer situasjonen. Dette gjer at kvinnene slepp ut på vegen att og blir transporterte mellom sjukehus og heim, seier Tom Guldhav, avdelingssjef ved Kvinneklinikken i Helse Førde.

Tysdag presenterte han planane for representantane frå kommunane i Indre Sogn.

Betaler føljeteneste

Kvinner med såkalla høgare risiko skal føda i Førde, medan lågriskofødande kan velja mellom Voss og Førde.

Frå før av er det ei følgeteneste for fødande i Luster, Leikanger og Sogndal. No blir også Årdal og Lærdal inkludert i dette tilbodet. Nytt er at Helse Førde vil dekka kostnadene kommunane har med ordninga.

– Me oppmodar kommunane til å bruka nokon av pengane dei sparer på at føretaket overtek vaktordninga inn i tilbodet til dei fødande, seier Guldhav.

Nøgde jordmødre

4,5 stillingar skal brukast til ordninga, i tillegg bidreg Årdal og Lærdal med sine jordmødre inn i senteret.

– Det gjer det mogleg å vera jordmor, bu i Sogn og ha ein interessant jobb. Dette vil verka rekrutterande, meiner avdelingssjefen og får støtte frå årdalsjordmor Rigmor Chruickshank.

– Innbakt hospitering på modersjukehuset Førde gjer dette attraktivt.

– Når me ikkje fekk fødestove måtte me gå for dette. Det er faktisk ganske unikt i Noreg å oppretta ei slik eining og det er spennande, seier jordmor Sigrid Karin Lysne.

På framsida no


...

Her kjem eit nytt motbakkeløp

Neste haust vil eit heilt nytt løp vera klart for dei som likar å løysa sveitten i motbakkar. Målsnora vert plassert på Raudmelen i Balestrand.

...

Slutt på laurdagspost

Regjeringa la onsdag eit forslag til ny postlov og postføreskrift ut på høyring.

...

Må låna 23 millionar meir til helsesenter

No må Sogndal ta opp meir lån for å realisera det nye helsesenteret.

...

Vil la ungdom prøva seg som journalistar

Er du mellom 15 og 19 år har lyst til å prøva deg som journalist – og samtidig tevla om fine premiar?