Formannskapet i Lærdal ber leiinga i Helse Førde halda seg til føretaksstyret sitt vedtak í saka om reduksjon av indremedisinske senger ved sjukehuset i Lærdal.
– Lærdal formannskap er kjent med at det går føre seg prosessar innan helseføretaket, der ein openbart held fram med tempoplanen, utan omsyn til styrevedtaket, skriv formannskapet i ein uttale adressert til styret og administrasjonen i Helse Førde.
Verdilause lovnader
Uttalen, som vart drøfta i formannskapet tysdag ettermiddag, kjem etter at det er blitt kjent at leiinga i Helse Førde arbeider med å redusera talet på indremedisinske senger ved sjukehuset. Sjølv om styret i Helse Førde so seint som i januar i år fjerna datofestinga for denne reduksjonen.
Dette gjorde føretaksstyret for å gje kommunane betre tid til å førebu seg på reduksjonen.
– Dersom nedbygginga no går for fort, framstår styret sine lovnader om at kommunane skulle får betre tid som verdilause. Pasientane vert taparane i dette svarteperspelet, skriv formannskapet i uttalen sin.
Nedskalering
Formannskapet er også uroa over nedskaleringa som går føre seg med laoratorietenester og radiologi ved sjukehuset. Ei nedbygging som svekkjer det samla tilbodet ved sjukehuset.
– Gode fagmiljø er under press, og rekrutteringa er vanskeleggjort, står det i uttalen.
Lærdal kommune har gjennom fleire år opplevd at enkelttenster ved sjukehuset blir fjerna eller redusert gjennom budsjettprosessar. Utan at et ligg føre gode nok analyser av konsekvensane.
– Me opplever at sjukehuset vert dramatisk svekt fordi nedbygginga ikkje blir sett i ein heilskapleg samanheng, skriv formannskapet.
Innlegg frå Sognatreff | ||
Nye kommentarar