Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane meiner Helse Førde bør byta namn.
– Av ein eller annan grunn heiter fylket sitt helseføretak Helse Førde HF og ikkje Sogn og Fjordane Helseføretak. Namnet er misvisande, og truleg også provoserande for mange av innbyggjarane, skriv pasient- og brukarombod Ove Mjåtveit i årsmeldinga for 2011 frå pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane.
Mjåtveit føreslår difor at Helse Førde byter namn til Sogn og Fjordane Helseføretak. Dette er eitt av fleire tiltak ombodet tilrår basert på innspela som har kome til pasient- og brukarombodet i fylket i 2011.
Kva tykkjer du? Sei meininga di i kommentarfeltet under.
Innlegg frå Sognatreff | ||
Nye kommentarar