Den forkomne hjortekalven var på rett stad til rett tid.
Dyret var magert og fysisk nedkøyrt, men elles skadefritt. Staden var slett ikkje den beste, i vegbana mellom Dragsvik og Sværefjorden.
Energitilskot
Berginga kom i form av dyrlege Lise Skjerven og snikkar Harry Sværen, som måndag dukka opp i grevens tid. Sistnemnde fanga inn dyret, godt assistert av Jens Anders, tilsett i Balestrand kommune.
Dyrlegen opna kofferten sin og rigga nokre dosar energi. Kalven vart lagt varsamt på eit pick up-plan og køyrt til Sigmund Feten i Vetlefjorden, som i går ettermiddag melde om gode utsikter for det unge dyret.
Langt nede
– Det ser ut til å gå fint, seier han, men veit av erfaring at dei to første døgna er kritiske.
– Ein kalv er langt nede når du kan fanga han inn med berre nevane, seier Sigmund Feten.
Les meir om hjortekalven i papiravisa onsdag eller i e-avisa. Der kan du også lesa om ein hjort som sat fast i eit hagegjerde på Kaupanger.
Innlegg frå Sognatreff | ||
Nye kommentarar