...
Fylkesveg/Riksveg 55 langs Sognefjorden skrik etter å bli utbetra på fleire parti mellom Vadheim og Fortun. Foto: Gunnar Kleven

Saman for viktig veg

Seks Ap-lag i Sogn krev at hovudvegen langs Sognefjorden blir teken på alvor.

Terje Eggum E-post
Publisert 07.02.2012 kl 12:51 Oppdatert 07.02.2012 kl 12:51

Tips ein venn på e-post:


Framfor fylkesårsmøtet til Arbeidarpartiet, den 10. og 11. mars, har kommunane Vik, Høyanger, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster gått saman om å medverka til eit tydeleg vegkrav.

Innspel

– Eg reknar med at fylkesårsmøtet gjev full støtte til eit slikt innspel, seier Odd Atle Stegegjerdet, som er folkevald i Luster og medlem av det fylkeskommunale hovudutvalet for samferdsle.

Kravet om opprusting omfattar Fylkesveg 55 frå Vadheim til Dragsvik og frå Sogndal til Fortun. Initiativet gjeld også riksvegdelen av 55, frå Hella til Sogndal, og den utsette riksvegbiten mellom Vikøyri og Vangsnes, på Riksveg 13 til saman 16 mil veg mellom Vadheim og Sognefjellet.

Samkøyrt

– Det har skjedd lite med desse vegane siste tiåret, konstaterer Odd Atle Stegegjerdet, og opplyser at dette er eit samkøyrt initiativ for å få den viktige gjennomfartsvegen i Sogn ut av bakevja.

– Ti av dei seksten mila skrik etter utbetring, seier han.

Les meir i papirutgåva av Sogn Avis tysdag eller i e-avisa.

Mest lese nett no



Mest populære biletseriar





Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.