...
Tone Dami Aaberge kan notera seg for suksess og mykje omtale for ny låt - og ny video. (Pressefoto)

Positiv respons for Tone

– Det er moro å få visa at eg torer.

Jan Inge Fardal E-post
Publisert 01.02.2012 kl 17:00 Oppdatert 02.02.2012 kl 08:26

Tips ein venn på e-post:


«Mykje lår, mykje hår, men det følast godt å ikkje vere blyg,» skreiv Tone Damli Aaberge på bloggen sin måndag føremiddag. Då vart den nye, og sexy videoen til den nye låten «Look back» sleppt. Den har skapt mykje debatt på nettet, og denne gongen har popprinsessa frå Sogndal fått mykje meir ros enn ris.

– Det har vore kult, sjeldan har eg fått så stor og så positiv respons på noko eg har gjort.

Lanseringsstrategi

På telefonen frå Oslo avslører Tone at strategien bak lanseringa av den nye låten – og ikkje minst den nye videoen – har fungert hundre prosent – og vel så det.

– Me la jo planar, veit du. Og det vart suksess tvert. Nr 1 på iTunes første dagen, og så lista på P3 for første gong. Men det viktigaste er alle dei gode tilbakemeldingane frå folk. Mange likar denne låten, rett og slett, seier Tone.

Skryt frå Fuller

Mange meiner mykje om Tone slik ho framstår i den nye videoen. Mest pris set ho på tilbakemeldinga frå super­manager Simon Fuller som har stjerner som David Beckham (36), Jennifer Lopez (42) og Spice Girls i stallen.

– Han er vand med å sjå verre ting enn videoen min. Dette er rein søndagsskule, for han, for å seia det slik, ler Tone.

Ho tykkjer elles det er stor stas med så positiv respons frå redaktør i Cosmopolitan, Ingeborg Heldal, som jublar over Tone sin nye musikkvideo til Dagbladet.

Videoen kan du sjå her på bloggen til Tone.

Les heile intervjuet med Tone Damli Aaberge i papirutgåva av Sogn Avis onsdag eller i e-avisa.

Mest lese nett no



Mest populære biletseriar





Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.