Bonde Knut P. Bøyum reagerer på at Tine sel nynorsk mjølk på bokmål.
Frå nyåret har Tine levert mjølk frå gardar i den regionen der forbrukarane bur. Men berre éin av tjue gardar er presentert på nynorsk på mjølkekartongane, og alle dei fire gardane frå region Vest ligg i nynorskkommunar.
Skumma på nynorsk
– Hakkande gale. Meieriet har teke ein god ide for å visa forbrukarane kvar mjølka kjem frå. Me kan lesa om gardane på mjølkekartongen. Eg trur det vil fremja interessa for maten, og det er med på å knyta ei historie til maten. Me får ei kjensle av at det er ei ekta vare, men når mjølk frå gardane Kringla i Naustdal og Brekke i Stryn vert presentert på bokmål, skjer det seg, seier fjærlendingen Knut P. Bøyum.
Sæleset gard i Norheimsund i Kvam herad, er den einaste som vert presentert på nynorsk. Det er på ein skummjølkkartong.
– Halvhjarta
– Det irriterer meg at Tine ikkje forstår kor viktig språk er. Som meieribonde er eg interessert i at det vert seld mest mogleg mjølk, men eg trur ikkje at til dømes bergensarane ikkje ville kjøpa mjølkekartongar med nynorsk tekst. Som forbrukarar ville eg tykkja at den utruleg gode ideen er halvhjarta når Tine vel bort nynorsk her i vest, seier Bøyum.
Han er ikkje åleine om å reagera. Noregs Mållag har no bede om møte med Tine for å få ei forklaring på kvifor dei bruker så lite nynorsk på mjølkekartongane.
Innlegg frå Sognatreff | ||
Nye kommentarar