Opera-suksessen fylte ikkje opp i storsalen på Kulturhuset.
I Royalt Albert Hall var det stappfullt av oppglødd publikum som ville få med seg jubileumskonserten. I Sogndal kulturhus var det godt om plassen. I underkant 35 betalande såg den storslegne jubileumsførestillinga til den legendariske «The Phantom of the Opera», som i fjor hadde 25 års jubileum.
Eit eventyr
– Heilt fantastisk. Som eit eventyr. Det er som å sitja i Royal Albert Hall. Me får med oss alle detaljar. Me ser scenen ovanfrå, kjem tett på songarane, og ser dei til og med inn i munnen. Har du høyrt slike stemmer. Og så den musikken. Det er stort, seier Anne Lise Brandshaug, og sprudlar nesten over. Ho har berre ei klage.
– Kvifor er det ikkje fleire her? Det har vore satsa alt for lite på å annonsera for denne framsyninga. Musikalen er vidgjeten, og han passar for fleire aldrar, seier Brandshaug, og dei andre nikkar.
Fantastiske kostyme
Inger Øyre er òg imponert. Ikkje minst over alle dei fantastiske kostyma, kullissar og illusjon.
– Me kjem tett på stjernene, og kjem tett på kostyma. Heilt fantastisk er det å få så detaljarar. Eit utruleg arbeid har det vore, seier Øyre. Ho kosa seg i pausen med å drøfta jubileumsoppsetjinga med dei få andre som denne laurdagskvelden valde tre timar og 20 minutt med Phantom of the Opera.
– No kan me drøyma om å få opera direkte overført til kultursalen. Flott vert det, men då må dei vera flinkare til å reklamera på førehand, seier dei oppglødd, og går inn att til ei god musikkoppleving.
Å sitja i salen på Kulturhuset og sjå feiringa av den er som å sitja i Royal Albert Hall. Stemninga i den kongelege salen smittar over til dei få i kulturhuset. Klappsalver frå det talrike publikumet smitta over på dei få.
I 25 år
I fjor var det 25 år sidan den legendariske musikalen vart sett opp første gongen, og har sidan gått kontinuerleg. For å markera hendinga sette Andrew Lloyd Webber og Cameron Mackintosh opp den storslegne jubileumsframsyninga i Royal Albert Hall i London, med eit ensemble og orkester på over 200 mann.
Sidan det var opptak frå jubileumsførestillinga kom Andrew Lloyd Webber på scenen, og presenterte dei første aktørane i den velkjende musikalen. Sopran og skodespelar Sarah Brightman som òg har hatt rolla som Christine i The Phantom of Opera, song òg til stor jubel frå salen i Royal Albert Hall. Og i storsalen på Kulturhuset.
Dramatisk trekant
Ramma rundt operaen er lagd til Opera Populire i Paris kring 1870, og byggjer på ein roman av Gaston Lerox.
Den unge korjenta Christine (Sierra Bogges) må i siste liten ta over rolla til diaven. Christine kan takka mystiske Phantom of the Opera (Ramin Karimloo) for suksessen sin. Han gøymer seg bak ei maska då andletet hans er vansira, men han er eit musikalsk geni som lever i katakombene under operaen, men han grip gjerne inn i det som skjer i huset. Han er forelska i Christine, og vert til dei grader sjalu når Christine møter att ungdomskjærasten sin, Raoul.
Innlegg frå Sognatreff | ||
Nye kommentarar