Politiet i fylket har hatt hendene fulle med å rydda opp i støy og uro i helga.
Natt til laurdag kom det klage på høg musikk og bråk frå eit husvære på Krokane. Politiet var i kontakt med mannen som spelte musikk og påla han å dempe seg.
Like etter midnatt natt til laurdag vart politiet kalla ut for di ein ung mann var overstadig rusa på ein offentleg stad i Førde. Han vart etter kvart teken hand om av vennar.
Litt etter klokka eitt kom det klage på høg musikk frå eit husvære på Kaupanger. Naboane fekk ikkje nattero. Politiet oppsøkte mannen som bråka og påla han å dempe musikken.
Litt seinare fekk politiet melding om støy og høg musikk frå eit husvære i sentrum. Politiet reiste til staden og påla dei som var der å roe seg.
Laurdag kveld måtte ein politipatrulje måtte reise til ein bustad på Grodås i samband med ordensuroing med høg musikk. Det var om lag 25 ungdomar på staden. det heile roa seg etter kvart.
Politiet måtte også ut til ei privat tilstelliing i eit grendahus på Vågsøy då det vart meldt om uro. Politipatruljen melde om mange overstadig rusa ungdomar som var samla på privatfest. Det var om lag 200 ungdomar på staden. Til tider var det noko amper stemning på utsida av bygget. Patruljen oppheldt seg på staden ei stund
Litt etter midnatt fekk politiet fekk fleire meldingar om støy og bråk etter oppfyring av kinaputter i Eikefjord. Før politiet kom fram hadde gjerningspersonar køyrd frå staden.
Klokka halv fire natt til søndag tok politiet i Sogndal hand om ein rusa mann i 50-åra og køyrde han heim.KL 0352 - Festbråk, Florø
Like før klokka fire måtte øolitiet ut til ein fest i nærleiken av sentrum i Florø. I samråd med arrangørane avslutta dei festen og fekk tømt lokalet. Det var om lag 30 personar samla på staden.
Nye kommentarar