...
STORE SKADER: Dagmar sine herjingar kostar også fylkeskommunen dyrt. (Arkivfoto frå båthamna på Leikanger)

Passerte millionen

?leikanger:?Romjulsstormen gjorde skade for nær ein million på fylkeskommunale eigedomar.

Publisert 28.01.2012 kl 19:58 Oppdatert 28.01.2012 kl 20:08

Tips ein venn på e-post:


Det gjekk hardast utover ein parkeringsplass ved Fylkeshuset og på skog og skogsvegar ved Mo og Jølster vidaregåande skule.

Kartlegging

Bygge- og eigedomstenesta har kartlagt situasjonen for dei fylkeskommunale eigedomane etter at Dagmar herja fylket i romjula. Sjølve bygningsmassen har stort sett greidd seg bra, men enkelte skadar er registrerte.

Skadane er enno ikkje taksterte. Det er likevel gjort ei anslagsvis vurdering av dei største skadane. Det er rekna med at reperasjon av parkeringsplassen ved Fylkeshuset vil koste om lag 500 000 kroner og reparasjon av skog og skogsvegar på Mo om lag 450 000 kroner.

Skulane

Fleire skular har fått mindre omfattande skader. Dei vidaregåande skulane i Luster, Sogndal, Høyanger, Årdal og Førde har alle meldt om mindre skadar på takstein, beslag og liknande, medan dei vidaregåande skulane i Stryn, Florø og i Aurland har meldt inn nokre skader på utvendig utstyr, containerar og nokre glasruter. Ved den vidaregåande skulen på Eid, er det som fylgje av spenningsvariasjonar på det nettet meldt inn ein del skader på teknisk utstyr. Ved Mo og Jølster vidaregåande skule har stormen medført ein god del skade på skog og skogsvegar. Vidare er nokre plater i gartneriet skada og ein del småskader på diverse tak er førebels meldt inn.

Fylkeshuset

Ved Fylkeshuset på Leikanger vart det nokre småskader på takstein og beslag, men det vesentlege der er skader på parkeringsplassen ved fjorden. Her er deler av arealet vaska vekk og plassen er no delvis stengd.

Det er ikkje meldt om skadar ved dei pågåande større byggeprosjekta våre ved Flora vidaregåande skule og Kunstmuseet i Førde. Ved tannhelsetenesta er det meldt om skade på ny dentalinnreiing som stod lagra i garasje på Leikanger. Her har sjøen komme så høgt at garasjen er komen under vatn.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.