...
HULDRESAMLING: Agna Hollekve og Tove Ølnes frå Hollekve Ranch.

Viktig kvinnovasjon

Kvinnovasjon i Sogn og Fjordane, Huldra Vekst, har hatt si første samling med 11 personar frå 10 verksemder i fylket.

Publisert 28.01.2012 kl 11:11 Oppdatert 28.01.2012 kl 21:50

Tips ein venn på e-post:


Kvinnovasjon er ei landsoppfattande satsing frå Kommunal- og regional­departe­mentet for å auke delen kvinnelege etablerarar til 40 prosent innan 2013. Satsinga er kanalisert gjennom SIVA, går det fram av ei pressemelding frå Leikanger Næringshage.

Fire rundar

Næringshagane i Leikanger og Nordfjordeid, Fram Flora og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har gjennomført rundar rundar med etablerarprogrammet Kvinnovasjon i Sogn og Fjordane. Det har til no vore eit tilbod til dei som er i startfasen. Tida er no klar for å fokusere på verksemder med potensial og ambisjonar om vekst. Huldra VEKST er startar som ei vidareføring for selskap som ønskjer å vekse og som har potensial og ønskje om vidare utvikling og mål om å tilsetje fleire.

Mykje potensial

I den første samlinga var verksemder med mykje potensial. Dei skal gjennom dei tre samlingane i programmet jobba fram ein strategiplan.

Frå Sogn deltek Agna Hollekve og Tove Ølnes frå Hollekve Ranch. Dei har eit mål om vekst i verksemda med avlastningsplassar i helgane og også heildøgnstilbod. Dei vil auka omsetning og bemanning og endra selskapsform til aksjeselskap.

Jamn vekst

I dei siste åra har det vore ei jamn etablering av verksemder der ei kvinne står bak.

–I eit fylke som vårt er det utruleg viktig at ein har fokus på dette og at ein kan tilby slike satsingar som Kvinnovasjon står for. Nettopp Sogn og Fjordane manglar kvinner, og dei må ofte starta si eiga verksemd om dei ønskjer å etablere seg i. Prosjektet har gode støttespelarar i SIVA og Sogn og Fjordane fylkeskommune og prosjektadministrasjonen vonar det blir fleire rundar med VEKST-satsing, går det fram av pressemeldinga.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.