Eit spelande Sogndal vann i kveld 2-0 over Hødd i Sognahallen.
– Eg tykkjer me spelar ein fin og god kamp i dag. Men det kan sjølvsagt bli betre, seier Tonny Brochmann.
Herja
Han spelte ein god kamp frå sin vingposisjon der han ved fleire høve herja med Hødd-forsvaret på eiga hand.
Like før pause sette han også inn 2-0 scoringa til Sogndal då han snappa opp eit tilbakespel, runda keeper og enkelt kunne auke leiinga.
– Det var ein forsvarstabbe, men det er alltid kjekt å scora, seier Brochmann, som elles er nøgd med at Sogndal har teke sin tredje strake siger. – Slikt gjev sjølvtillit, seier dansken.
Ringreven Flo
Ein halv time før scoringa til Brochmann hadde allereie ringreven Tore André Flo sendt heimelaget opp i 1-0 då han nikka eit innkast frå Tajio Teniste i mål.
Sogndal hadde full kontroll på laget frå Ulsteinvik og var nærare 3-0 enn dei var redusering. Sogndal trenar Jonas Olsson er nøgd med at laget ikkje slapp inn nokre mål.
Nøgd trenar
– Det er første kampen me ikkje slepper inn og det må me ta med oss vidare. Eg tykkjer elles me gjere ein god 1. omgang, men er litt slappe i 2. omgang. Hødd er også eit godt lag, seier Olsson om kampen.
Men det som Olsson var mest nøgd med i dag var at feilprosenten var redusert i høve tidlegare kampar i år.
– Me hadde mindre feilpasningar i dag enn dei andre kampane, det er eg nøgd med, seier han.
Nye kommentarar