...
Denne ruggen på 25 kilo drog Aril Grønningen under skreifiske i nord.

Sjekk torsken!

Aril Grønningen fekk storrugg på skreifiske.

Gunnar Kleven E-post
Publisert 27.01.2012 kl 19:23 Oppdatert 27.01.2012 kl 19:23

Tips ein venn på e-post:


25 kilo er temmeleg digert – sjølv om arenaen er av nordnorsk kvalitet.

Aril Grønningen har fiska i Vesterålen siste to vekene og fekk tidlegare i denne veka litt av eit eksemplar om bord i båten «Andre».

– Den ligg filetert i frysen og blir med heim til Sogn?

– Skreien vart levert til mottaket i lag med resten av fangsten, det blir for grovt. Fisken freista meg ikkje, seier Aril Grønningen som brukte eit par veker på turen nordover frå Vik til Vesterålen.

– Det står bra til i nord?

– Veldig bra. Vêret har vore godt bortsett frå ruskevêret i dag, sa Aril Grønningen seint torsdag ettermiddag.

Linn Bad-sjefen er registrert i fiskarmanntalet og har ein kvote på 28 tonn filetert skrei.

– Eg tvilar på at eg fyller kvoten, seier Grønningen som drog sørover til Vestlandet med fly i går.

– Eg blir heime ei vekes tid og er tilbake på skreifisket rundt 10. februar.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.