...
Liv Signe Navarsete kunne i fjor dela ut 1,9 millionar kroner i bulystmidlar til Bratt Moro og Tor Yttri. No får nye prosjekt sjansen til å søkja. (Arkivbilete).

32 millionar til bulyst

Skal brukast til å leggja til rette for meir attraktive lokalsamfunn.

Sogn Avis E-post
Publisert 27.01.2012 kl 15:35 Oppdatert 27.01.2012 kl 15:35

Tips ein venn på e-post:


Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har lyst ut 32 millionar kroner til prosjekt som kan skapa bulyst.

Departementet prioriterer i år prosjekt som går på inkludering av innvandrarar i distriktsområda, utviklingprosjekt retta mot ungdom og tilflyttingsprosjekt.

Eitt av måla med bulyst-midlane er å leggja til rette for meir attraktive lokalsamfunn. Departementet ønskjer også å få meir kjennskap til kvifor folk vel å busetja seg der dei gjer, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Alle offentlege og private aktørar og verksemder kan søkja om midlane. Søknaden må innehalda eit konkret prosjekt, og KRD kan dekkja inntil 50 prosent av kostnadane med dette.

Fylkeskommunen samordnar søknadane om bulyst-midlar i Sogn og Fjordane, og søknadsfristen er 5. mars.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.