20 gram hasj og 57 tablettar fekk ein ekstra kostnad på 7.000 kroner.
Sogningen i 30-åra, busett på Leikanger, måtte forklara seg i tingretten om kjøp og bruk av narkotika.
Det var før jul han vart teken for oppbevaring og bruk av 20 gram hasj og 57 rivotriltablettar med narkotisk virkestoff i.
Han tilstod syndene sine i retten som fann det prova at han hadde utført dei handlingane han var sikta for.
Straffa vart fastsett til 18 dagar fengsel på vilkår og 7.000 kroner i bot.
Nye kommentarar