Nettportalen Kriseinfo.no skal formidla viktig informasjon frå styresmaktene før, under og etter kriser.
På Kriseinfo.no skal befolkninga finna kvalitetssikra informasjon frå styresmaktene. Målet er at innbyggjarane skal finna den informasjonen dei treng på ein stad, utan å måtte kjenna til korleis ansvar og oppgåver er fordelt mellom ulike styresmakter.
Portalen skal vera i kontinuerlig drift og vert fortløpande oppdatert med varsel og informasjon knytt til risiko og beredskap. Portalen skal vera lett tilgjengeleg, og er difor tilpassa dei ulike kanalane folk er på, som til dømes mobiltelefonar og nettbrett.
For Fylkesmannen og andre regionale aktørar vil portalen vera eit viktig supplement til andre informasjonskanalar, og den vil kunne avlasta andre nettstader. Det er først og fremst ved litt større, komplekse og/eller langvarige hendingar portalen vil vera viktig. Informasjon knytt til meir lokale og avgrensa hendingar vil nok normalt måtte formidlast gjennom andre kanalar. Det er viktig å nytta øvingar og faktiske hendingar til å prøva ut korleis portalen kan nyttast til å gi publikum best mogleg informasjon, skriv Fylkesmannen på sine nettsider.
Portalen er etablert og skal driftast av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.
Statsminister Jens Stoltenberg opna kriseinfo.no då han sist veke besøkte DSB sitt hovudkontor i Tønsberg for å bli orientert om direktoratet sitt beredskapsarbeid.
Nye kommentarar