Meieriet i Sogndal set 20-årsgrense for dei som ikkje kan visa studentbevis i inngangen.
Onsdag 25. januar fatta Studentsafunnet, i samråd med Studentsamskipnaden i Sogndal, eit vedtak om å heva aldersgrensa på Meieriet frå 18 til 20 år på ordinære onsdags- og laurdagsdiscoar.
Studentar med gyldig studentbevis og elevar ved folkehøgskulen med gyldig bevis som er mellom 18 og 20 år, vert ikkje påverka av vedtaket, vert det opplyst i ei pressemelding frå Studentsamfunnet i Sogndal.
Vedtaket gjeld ikkje konsertar eller andre spesielle arrangement som skulle hamna på onsdagar eller laurdagar.
Etter at vedtaket vart offentleggjort på Facebook-sida til Meieriet, har det kome mange reaksjonar.
– Etter at me publiserte vedtaket, har det som venta kome inn ein del reaksjonar. Aller mest frå fortvila 18- og 19-åringar som ikkje lenger har ein uteplass dei kan gå til på laurdagar. Studentsamfunnet i Sogndal iviterer difor alle som er knytt til utelivsbransjen i Sogndal, politikarar, presse, politi og andre involverte, til eit ope møte på Meieriet i Sogndal mandag for ein sakleg debatt rundt temaet "ungdom og uteliv i Sogndal", opplyser Jon Vold, styreleiar i SiS.
Kva tykkjer du? Sei meininga di i kommentarfeltet under.
Innlegg frå Sognatreff | ||
Nye kommentarar