Verdas første Seawalk skal vera på plass i Skjolden i juni, men allereie har pilotprosjektet fått mykje merksemd på cruisebransjen sin fremste internasjonale nettportal.
Cruise Ventures AS har no ein effektiv kontrakt med Skjolden Cruisekai AS og LMI og SeaWalk nr. 1 vil bli levert i Skjolden i juni, fortel Asbjørn Nes.
Selskapet, der Arthur Kordt og Ole Heggheim er partnarar, er stolte av den store internasjonale merksemda konseptet har fått.
Denne veka hadde dei førstesida i Seatrade Insider.
– Mest truleg den aller viktigaste cruiseportalen internasjonalt, seier Nes.
Les kva nettportalen Seatrade Insider skriv
Selskapet Cruise Venture AS, har i fire år arbeidd med å utvikla ein seawalk, som er ein gedigen landgang der passasjerane kan gå direkte i land frå cruiseskip utan at dei treng liggja til kai. Selskapet er no klar for produksjon av den første, og LMI i Gaupne er valt som produksjonsplass.
Skjolden Cruisekai AS har vore i drøfting om å bli den første cruisehamna som får etablert ein seawalk. Det er venta at den første hamna vil få stor merksemd frå den internasjonale cruisebransjen.
Det ligg føre ei finansieringsskisse som inneber eit infrastrukturtilskot frå Luster kommune på fem millionar kroner til Skjolden Cruisekai AS. Innovasjon Noreg er også sterkt inne i prosjektet. Til utviklingen av sjølve cruisekonseptet (Østerbø Maskin og Cruise Venture) har Innovasjon Norge bidrege med om lag 3 mil kr i tilskot og 2,9 mill kr gjennom skattefunn.
Til Skjolden Cruisekai har Innovasjon Norge tidlegare bidrege med eit lån på 5 millionar.
Den totale prislappen på produksjonen er 22 millionar kroner.
Innlegg frå Sognatreff | ||
Nye kommentarar