...
Presidenten i Røde Kors, Sven Mollekleiv, kan gle seg over at mange i Sogn og Fjordane deltek i pantelotteriet. (Pressefoto)

Satsar panten i lotteri

2011 blei eit rekordår for pantelotteriet. I Sogn og Fjordane vart det satsa pant for nær 400.000 kroner.

Sogn Avis E-post
Publisert 25.01.2012 kl 17:00 Oppdatert 25.01.2012 kl 17:00

Tips ein venn på e-post:


Røde Kors har i 2011 motteke meir enn 140.000 kroner i støtte frå pantelotteriet i Sogn og Fjordane, og aldri tidlegare har det blitt satsa så mykje pant.

Årdalstangen

Av dette har Sogn og Fjordane Røde Kors fått over 6.000 kroner i lokal støtte. I Sogn og Fjordane blei det spelt 35.515 gonger i fjor. Rimi Sandane i Gloppen er den butikken i fylket der folk satsa mest av panten sin i pantelotteriet, Rema 1000 Årdalstangen kom på andreplass.

Til Røde Kors

Pantelotteriet bidreg med støtte til Røde Kors, både sentralt og lokalt. Dei lokallaga i Sogn og Fjordane som fekk støtte i 2011 var Gloppen og Årdal Røde Kors.

Dersom fleire frå Sogn og Fjordane trykkjer på Røde Kors-knappen på panteautomatane, vil fleire lokallag få midlar til tiltak i nærmiljøet, vert det opplyst i ei pressemelding.

Tilgjengeleg lotteri

Pantelotteriet Panto er eit lotteri der tomme boksar og flasker vert brukte som innsats i panteautomatar, og overskotet går til Røde Kors. Lotteriet er førebels tilgjengeleg i alle Rema 1000- og Kiwi-butikkar, samt i nokre Ica- og Rimi-butikkar.

Pantelotteriet har sidan 2008 bidrege med meir enn 27,9 millionar kroner i støtte til Røde Kors, der over 12,4 millionar kroner kom inn i 2011. Toppgevinsten på 2 millionar kroner, har enno ikkje blitt trekt.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.