Flåm Vandrarheim er kåra til Beste vandrarheim i Noreg i 2011.
Det er brukarar og medlemmer i Hostelling International som gjennom det globale bestillingssystem til organisasjonen har gjeve Flåm Vandrarheim høgast score i Noreg.
Familiebedrift
– Dette gjev oss noko å strekkja oss etter, seier John Håland, som saman med kona Marte Tørud Håland eig og driv vandrarheimen. Foreldra hans jobbar òg i overnattingsverksemda, som i tillegg til vandrarheim, har campingplass og hytter.
– Sidan dette er ei familiebedrift, gjev me nok litt ekstra.
Flåm vandrarheim har også tidlegare toppa denne kåringa. John Håland fortel at frå dei fekk booking på nettet, har dei heile vegen fått svært gode tilbakemeldingar frå gjestene via dette systemet.
– Det er kanskje ein kombinasjon av at me har eit godt anlegg, måten me møter gjestene på, god plassering og at me har det reint og fint, meiner han.
Internasjonalt
Vandrarheimen i Flåm gjer svært godt også i den internasjonale kåringa.
Hostelling Internationals globale reservasjonssystem inneheld krig 2.000 vandrarheimar, og Flåm Vandrarheim vart i 2011 rangert som nummer 13 av desse.
Også Balestrand Vandrarheim er rangert høgt på den internasjonale lista. I 2011 vart dei nummer 28 av dei 2.000 vandrarheimane.
– At vandrarheimar i Fjord-Noreg blir rangerte høgt blant vandrarheimane i Noreg og internasjonalt, er naturlegvis hyggjeleg for Norske Vandrerhjem å registrera. Det viser at det lokale arbeidet med produktutvikling og tilrettelegging av gode og rimelege overnattingstilbod gjev gode resultat, seier dagleg leiar i Norske Vandrerhjem Region Vest, Egil Drange.
Nye kommentarar