...
(Illustrasjonsfoto)

Vurderer å droppa karakter i sidemål

Noregs Mållag meiner framlegget frå Utdanningsdirektoratet om å fjerna eigen karakter i sidemål er ei dramatisk svekking av sidemålsopplæringa.

Sogn Avis E-post
Publisert 24.01.2012 kl 11:12 Oppdatert 24.01.2012 kl 12:00

Tips ein venn på e-post:


Utdanningsdirektoratet kjem i eit brev til Kunnskapsdepartemenet med forslag om ein felles karakter i skriftleg houvdmål og sidemål. Det blir også tilrådd å fjerna eigen eksamen for skiftleg sidemål på 10. trinn, og at eksamen i skrifteleg sidemål på vidaregåande må få ei annan innretning enn eksamen i hovudmål.

– Å svekkja sidemålsopplæringa er både ei svekking av norskfaget og av nynorsk som offisielt språk. Jamstellinga mellom nynorsk og bokmål er i fare dersom det ikkje er eigen karakter i begge målformene, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Han meiner det er avgjerande for å ta vare på språkrettane til nynorskbrukarane at bokmålsmajoriteten i Noreg får skriftleg opplæring i mindretalsspråket nynorsk.

Nynorsk er i dag fyrstespråket til om lag ein halv million menneske. Nynorsken vert brukt av institusjonar og folk i alle delar av samfunnet, men overlever ikkje som nasjonalt bruksspråk med mindre fleirtalet er viljug til å læra seg språket. Difor er ordningar som senkar krava til nynorskkunnskap, ikkje anna enn nedbygging av nynorsken, heiter det i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

– Noregs Mållag er svært glad for at alle skal lesa fleire nynorske tekstar gjennom heile utdanningsløpet. Mållaget er òg glad for at departementet no vil sjå særleg på utfordringane for elevar med nynorsk som hovudmål.

Men beskjeden til Kristin Halvorsen er klar.

– Når kunnskapsminister Kristin Halvorsen skal ta stilling til spørsmåla frå Utdanningsdirektoratet etter høyringsrunden, må ho slå fast at elevane skal ha ein eigen karakter i sidemål, og at ho held fast på målsetnaden om å styrkja nynorskopplæringa i skulen i tråd med programma til SV, Senterpartiet og Arbeiderpartiet, seier Øvregård.

Mest lese nett no



Mest populære biletseriar





Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.