...
SKJERING: I førre periode var Einar Målsnes (H) ordførar og Harald N. Offerdal (Ap) var varaordførar. Etter valet kan det sjå ut som om Høgre er på ordførarjakt. (Arkivfoto)

Kallar ordføraren inn på teppet

Gamleordføraren i Balestrand kallar inn nyeordføraren til møte i kontrollutvalet.

Sigrid Svartefoss E-post
Publisert 23.01.2012 kl 19:37 Oppdatert 23.01.2012 kl 19:37

Tips ein venn på e-post:


Einar Målsnes (H) er leiar i kontrollutvalet, og krev at ordførar Harald N. Offerdal (Ap) møta i utvalet 20. februar. Utvalsleiaren krev at ordføraren svarar for at både den politiske og administrative leiinga ikkje var i kommunen då uvêret Dagmar slo til.

Sjekka ikkje

Kontrollutvalet har møte fire dagar etter møtet i kommunestyret, der Høgre-gruppa har sendt inn ein interpellasjon med seks spørsmål.

I Balestrand har mange merka seg at Einar Målsnes alt 3. januar var ute og skreiv på Facebook og kommenterte at «Ordførar og rådmann i Balestrand på ferie då bygda merka Dagmar som verst. Dei ansvarlege må sette seg inn i beredskapsplanane i kommunen og ta sitt ansvar som går frem av dei.»

– Leiaren i kontrollutvalet trekkjer konklusjonen utan å sjekka fakta. Eg tykkjer det er uheldig å bruka Facebook til å kommentera saker som ein seinare skal handsama. Det er problem å ha tillit til ein leiar som bruker slike arbeidsmetodar, seier Offerdal.

Inviterte

Etter møtet i kriseleiinga er det skrive ein logg over viktige hendingar, tiltak og evalueringspunkt. Det er i ettertid sett opp evalueringspunkt i høve hendingar og tiltak. Kommunen inviterte òg via heimesida til å koma med innspel i forkant av den første evalueringa.

Det kom inn fire innspel. I tillegg har kommunen laga utkast til ein tiltaksplan på 14 punkt.

Ope møte

Kriseleiinga i Balestrand har hatt den første evalueringa av korleis dei handterte uvêret lokalt i Balestrand 4. januar, men ordføraren ynskjer innspel frå folk som bur i grendene og røynslene deira.

– Me inviterer til eit evalueringsmøte, og bed om innspel. Balestrand Røde Kors vert invitert for å drøfta nærare deira rolle i krisesituasjonen, seier Offerdal. Han framhevar kor viktig det er å sjå på slike hendingar og evaluera kva som vart gjort og kva som kan gjerast betre.

Dårleg kjemi

– Sit du med ei kjensle at Høgre skal ta hemn for at du vart valt til ordførar og ikkje Einar Målsnes?

– Det må du spørja dei om, men eg sit unekteleg med ei kjensle av at det er eitt eller anna her, seier Harald Offerdal.

Mest lese nett no



Mest populære biletseriar





Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.