...
Går du med lyd på øyra er sjansen for at du blir påkøyrd i trafikken tredobla, viser fersk undersøking. Foto: Tryg.

Farlegare med lyd på øyra

Går du med lyd på øyra er sjansen for at du blir påkøyrd i trafikken tredobla, viser fersk undersøking.

Publisert 23.01.2012 kl 19:24 Oppdatert 23.01.2012 kl 19:24

Tips ein venn på e-post:


Å gå med «skylappar» i fotgjengarfelt eller i vegbana kan vera risikofylt. Har du i tillegg musikk på øra, er det tre gonger så stor sjanse for at du blir påkøyrd. Dette er konklusjonen i ei heilt ny undersøking publisert i det amerikanske tidsskriftet Injury Prevention.

Sjå og høyr

Tala frå undersøkinga har også overføringsverdi til norske forhold, meiner pressetalsmann Roald Stigum Olsen i Tryg Forsikring.

– Det er ikke nok å ha augo med seg når ein går i trafikken. Høyrselen er like viktig, seier han.

Undersøkinga tok føre seg påkøyrsler i perioden mellom 2004 til 2011. To av tre påkjøryrde fotgjengarar var menn under 30 år. Berre éin av ti var mindreårige under 18 år. I nesten éin av tre tilfelle hadde bilisten anten brukt hornet eller ropt til fotgjengaren før påkøyrselen.

Kjent fenomen

Det er ifølge Tryg ikkje eigne tal som viser påkøyrsler der «podgjengarar» var innblanda.

– Me opplever likevel frå tid til annan at einskilde tilstår at fikling med til dømes iPod, telefon, GPS eller liknande har vore ein medverkende årsak til eit uhell, men det er sjeldan. Dei færraste vil vedkjenna seg at dei har vore uoppmerksame. Det er difor all mogeleg grunn til å tru at det er store mørketal på dette området, seier Roald Stigum Olsen.

Talet skadde fotgjengarar har gått ned frå 959 i 2010 til 444 for 2011. I 2009 var det heile 1127 påkøyrsler, ifølge FNOs trafikkskadestatistikk.

Mest lese nett no



Mest populære biletseriar





Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.