– Møt opp med innspel! Planen gjeld framtida vår, seier planansvarleg Ottar Wiik.
Revisjon av kommuneplanen er ein omfattande materie som startar med det første folkemøtet måndag, i Fresvik. Så går det slag i slag med møte i Feios, Vik og Arnafjorden.
– Endringar i kommuneøkonomien, endringar i diverse lovverk og den nye Plan- og bygningslova spesielt, gjer at den snart sju år gamle kommuneplanen vår er utgått på dato. Den er ueigna som styringsreiskap, seier Ottar Wiik.
Kartlegg utfordringar
Samtale kommunar er pålagde å ha ein kommuneplan som legg rammer og føringar og utvikling av kommunen som samfunn og organisasjon. Planen er delt i to; samfunnsdel og arealdel.
– Folkemøta er ein viktig fase i planprosessen som legg rammene for det vidare løpet mot eit endeleg framlegg til politisk vedtak i desember, seier rådmann Oddbjørn Ese.
Flygeblad er på veg ut til samtlege husstandar med invitasjon til folkemøta arrangert i neste veke.
– Me vil kartleggja kva som er utfordringane våre i Vik kommune, me vil og beskriva statusen i dag og me vil dra opp føringar for det vidare arbeidet med revisjon av planarbeidet, seier Oddbjørn Ese.
Tidkrevjande
Som planansvarleg ser Ottar Wiik at det er eit press mot administrasjonen med å få på plass grunnlaget som skal formast til eit plandokument som blir lagt fram for kommunestyret om 10 månader.
– Arbeidet er tidkrevjande og tek stor kapasitet i administrasjonen, seier Wiik.
Dei mange søknadene om dispensasjonar, til dømes i byggjesaker, har direkte samanheng med at kommuneplanen i Vik for lengst er moden for oppdatering.
– Dispensasjonssøknader tid- og kostnadskrevjande, dessutan er Fylkesmannen lite glad i denne typen saker, seier Ottar Wiik.
Same hovudmål
Stabilisering av folketalet var det store hovudmålet i kommuneplanen frå 2005, men 2.881 innbyggjarar har minka til 2.752.
– Me nådde ikkje målsetjinga, no seier me at me skal snu folketalsutviklinga. Målet er at me skal vera 2.800 personar i 2024 og det er 200 fleire enn prognosen til Statistisk sentralbyrå, seier Oddbjørn Ese.
Innlegg frå Sognatreff | ||
Nye kommentarar