...
Tannhelse til dei yngste har betra seg. (Illustrasjonsfoto)

Betre tannhelse

Tal frå Fylkesspegelen syner at tannhelsa blant 5-, og 12-åringar har betra seg vesentleg i perioden frå 2003 til 2010.

Sogn Avis E-post
Publisert 02.01.2012 kl 18:27 Oppdatert 02.01.2012 kl 18:27

Tips ein venn på e-post:


Begge aldersgruppene ligg over landsgjennomsnittet, og det er 5-åringane som har færrast hol i tennene.

Det er naturleg at dei yngste har færrast hol (karies), i og med at karies er ein sjukdom som utviklar seg over tid.

I 2003 hadde 64 prosent av 5-åringane ingen hol, og dette hadde auka til 83 prosent i 2010. Når det gjeld 12-åringane var 58 prosent feilfrie i 2010, mot 47 prosent i 2003.

Noko av grunnen til betringa er at den offentlege tannhelsetenesta har lagt stor vekt på førebyggjande arbeid dei siste åra. Førebygging blir prioritert framfor reparasjon. Me ser no resultatet av dette. Tannhelsetenesta møter ungane både på tannklinikkane og driv opplysningsarbeid på skular og i barnehagar. Det kan også spele inn at det frå tidleg på 2000-talet har vore gitt klare råd om å bruke fluor for å førebyggje hol i tennene, går det fram av ei melding frå fylkeskommunen.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.