Målrock stakk av med kulturprisen i Årdal.
I grunngjevinga heiter det at musikkfestivalen blir arrangert og gjennomført av lokale musikkinteresserte krefter, som gjer ein formidabel dugnadsinnsats gjennom heile året, men fyrst og fremst like før og under festivalen.
Set Årdal på kartet
– Arrangementet Målrock set Årdal på kartet på ein svært positiv måte og byggjer kommunen sitt omdøme når det gjeld musikk, språk og kultur. Ein slik festival er av uvurderleg betydning når det gjeld bygda sin attraktivitet, kanskje særleg blant yngre menneske, heiter det i grunngjevinga.
Det vart også trekt fram at Målrock dei siste åra har hatt eit klårt standpunkt mot rus blant yngre.
– Fortent
Leiar i Stiftinga Målrock, Arvid Fodnes, tok i mot prisen, og han meiner det var fortent at dei vann.
– Bakgrunnen for at eg seier det er fordi me har halde det gåande i snart ti år og framleis klarer å halda om lag 90 prosent av festivalen med band som syng på norsk, som er utgangspunktet vårt.
– I tillegg har me eit godt samarbeid med lokale lag- og organisasjonar, som får inntekter ved å vera med oss på dette.
Utladalen naturhus
Styret i Målrock dedikerte pengegåva dei fekk til Stiftinga Utladalen naturhus fordi dei vil betra fasilitetane der framme.
– Me ønskjer å utvida festivalen og vil syna fram meir av bygda vår enn Meieriparken. Dei siste to åra har me hatt suksess med å spela under Skåri og no vil me leggja til rette for å betra forhalda som scene, straum og slikt, seier Fodnes.
Tiande Målrock
Den tiande utgåva av Målrock er offisielt stadfesta til å gå av stabelen 10. og 11. august 2012, og Fodnes seier dei har fleire band klare, men vil ikkje gå ut med nokre namn endå.
– Det vil me ikkje ut med, men eg kan seia så mykje at tre til fire band alt er klare.
Nye kommentarar