Årdal kommune er i ferd med å få på plass ein bustadsosial handlingsplan som kan munna ut i eit eige bustadkontor med vide fullmakter.
– Dette er ei veldig viktig sak å ta opp, seier kommunalsjef Rigmor Svanberg.
– Eg møter ofte på problemstillingar knytte til bustad, både når det gjeld formidling, tilgjenge og korleis tilbodet er organisert.
Ny plan
Årdal utarbeidde ein bustadsosial handlingsplan i 2004 som skulle gjelda fram til 2008. Denne er berre delvis gjennomført, fleire av tiltaka er ikkje setter i verk. Arbeidet har også vore lite målretta. Svanberg trur at dei no har større sjanse for å følgja opp ein plan sidan den er kort og konkret og at det er etablert ei tidskurve med ansvarlege personar.
– Planen skal også skildra økonomiske konsekvensar på tiltak. Føremålet er at dette også skal vera eit verktøy i årsmeldinga, noko som kan vera eit mål på kva me har oppnådd i løpet av året også på dette området.
God plan
Svanberg legg til at den gamle planen var både grundig og god og at det er mykje der dei kan ta med seg vidare.
– Men verda endrar seg både når det gjeld brukarutvikling, folketalsutvikling og alderssamansetnad i kommunen. Me har ei aldersutvikling i kommunen som seier at me må ha ein god plan for mange grupper. I tillegg kjem samhandlingsreforma inn som eit viktig element.
– Er behovet stort?
– For einskilde grupper er behovet stort i høve til det tilbodet som er i dag. Men me har og eit stort behov for samordning av den bustadmassen me har. Me har ganske mange bustader i Årdal. Så her må me ha ein plan for kva me skal bruka og korleis me kan bruka denne bustadmassen.
Kartlegging
Kartlegging av behovet skal vera fullført i løpet av året. Svanberg seier det er mange som har behov for hjelp når det gjeld å skaffa seg eigen bustad.
– Når me ser på kven kommunen er ansvarleg for å tilby bustad, er det personar som ikkje greier det på eiga hand. Me må også tilby god organisering av butilbodet der det er behov for tenesteyting.
– Det kan vera eldre som treng tilrettelagd bustad, personar med rusproblem, psykiske helseproblem eller begge deler og personar med utviklingshemming. I tillegg kjem behovet for bustader til flyktningar. Men me kan også bruka bustader som eit rekrutteringstiltak for folk som vil etablera seg i bygda. Det er ikkje noko me er pålagde å gjera, men det kan vera lurt.
Innlegg frå Sognatreff | ||
Nye kommentarar