...
Dette biletet er ikkje frå årets sesong, men om lag slike tilhøve er det i Hodlekve no. (Foto: Sogndal Skisenter)

Opnar skisenteret i kveld

I kveld er det offisiell sesongopning ved Sogndal Skisenter. Dagleg leiar Amund Korvald reknar med køar framfor billettluka.

Renate Sæle E-post
Håvard Nesbø
Publisert 06.12.2011 kl 09:50 Oppdatert 06.12.2011 kl 09:53

Tips ein venn på e-post:

...
Dagleg leiar ved Sogn Skisenter Bjørn Berge håper på kulde og snø. Her er han fotografert i skianlegget måndag. Foto: Renate Sæle

Korvald har kalla inn ekstramannskap i tru på at mange vil sesongdebutera i bakken, og at mange vil sikra seg sesongkort. Han er svært glad for at snøen har lava ned og sytt for sesongstart i god tid før jul.

Ryktet har gått

– Det er viktig for økonomien til skisenteret at me kjem i gang i god tid før jul, seier Korvald.

Han og staben hans hadde ein aldri så liten tjuvstart på heisanlegget søndag og fekk mange snøhungrige gjester på besøk. No har det kome gjester langvegs frå for å bada i laussnøen i Sogndalsdalen, etter at ryktet om djup laussnø har spreidd seg på facebook og i media.

Sjå skifilm frå Hodlekve filma søndag.

Flotte langrennsløyper

Også langrennsfolket i Sogn jublar over strålande tilhøve. Både birkebeinerar og andre på bortoverski har endeleg fått underlaget dei har lengta etter. Måndag var det mange som tok sin første langrennstur for sesongen.

– Vinteren kom litt brått på oss, så det har vore travel jobbing dei siste dagane med å få alt på stell. Men no kryssar me skia for at alt fungerer, seier Amund Korvald ved Sogndal Skisenter.

Ikkje opne på Hafslo

Bjørn Berge, som er ny dagleg leiar ved Sogn Skisenter på Heggmyrane, fortel at dei ikkje er heilt klare til opning enno, og at dei er avhengige av kuldegrader for å få starta snøkanonene.

– Me skal ha testkøyring i helga og håper på meir snø og kulde. Me håper omsetninga aukar denne sesongen og passerer to millionar, seier han.

Langrennsløypene på Heggmyrane er ikkje oppkøyde, då det framleis er blautt i marka.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.