Fire lokale mat- og drikkeprodusentar frå fylket er plukka ut til å representera Noreg på ei av verdas største messer, Grüne Woche i Berlin.
Dei som reiser til Tyskland i januar neste år, er Undredalsbui, Haugen Gardsmat i Flåm, Ciderhuset i Balestrand og Svanøy Røykeri.
– Dei fire representerer norsk kultur og tradisjon på sitt aller beste. Eg er oppriktig stolt av det dei tek med seg til Tyskland, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.
Statsråden skal sjølv besøkja messa på opningsdagen 20. januar, og han føler seg trygg på at dei mange som besøkjer Grüne Woche, vil ta vel imot produkta frå Fjord Norge.
15 bedrifter
Det er Fjord Norge som er paraplyen for de fire bedriftene frå Sogn og Fjordane. Dei samlar totalt 15 produsentar frå Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. I tillegg er fire kokkar engasjerte for å presentera dei ulike mat- og drikkevarene.
Det er Innovasjon Norge som har teke initiativet til den vestlandske deltakinga. Elin Hjortland, leiar av Lokalmatprogrammet, seier at ei regional satsing er viktig for å få til varig utvikling innan mat og reiseliv.
Fekk smaka
Torsdag var deltakarane samla i Bergen, både for å bli kjende med kvarandre og ikkje minst få kunnskap om dei ulike produkta som skal presenterast, vert det opplyst i ei pressemelding frå Innovasjon Norge.
– Her er ypparleg råvarer å arbeida med, seier Gunnar Nagell Dahl, ein av kokkane som skal sørgja for at tyskarar, og andre som besøkjer Grüne Woche, får lyst til å koma både til Undredal og Svanøy, for å oppleva miljøet og historia bak dei lokale produkta.
Turisme er nemleg ein svært viktig årsak til at Innovasjon Norge brukar så mykje tid, krefter og ikkje minst pengar på å profilere Vestlandet gjennom mat og drikke.
Åse Marie Evjen, som arbeider med det tyske marknaden innanfor Fjord Norge, seier at nettopp mat og drikke ligg øvst på lista til turistane over kva dei ønskjer å oppleva når dei kjem til Vestlandet.
– Og det er den lokale matoppleving dei vil ha, seier Evjen.
Nye kommentarar