...
Thorvald Stoltenberg i samtale med Jøran Reppen Endestad, Hjørdis Elise Hagen og Marta Vange. Foto: Sigrid Svartefoss

Imponert over elevane

Thorvald Stoltenberg bergtok elevane, men dei 1000 elevane imponerte Stoltenberg òg.

Sigrid Svartefoss E-post
Publisert 25.10.2011 kl 14:05 Oppdatert 26.10.2011 kl 14:55

Tips ein venn på e-post:

– Fantastisk å vera her. Heilt eineståande at nesten tusen elevar er så stille. Og så applausen då, seier ein smilande Thorvald Stoltenberg etter det nesten time lange føredraget sitt på Internasjonal dag i Idrettshallen ved Sogndal vidaregåande skule måndag.

Også elevar frå Sogndal folkehøgskule, og nokre godt vaksne personar møtte.

Solidaritet

Den tidlegare utanriksministeren, fredsmeklaren, presidenten i Norges Røde Kors og FNs høykommissær for flyktningar delte raust frå røynslene sine og fortalde om korleis verda har skrumpa inn.

– Det er viktig å tilpassa det verktøyet som me menneske har. Solidaritet er ikkje almisse. Me må erkjenna at me er i same båt, sa Stoltenberg.

Han understreka at håp er viktig.

– Håp er eit ord som betyr mykje for meg. Håp er ikkje eit svakt ord, men eit sterkt ord, Nelson Mandela fortalde at han over dei 26 åra på fangeøya Robbin Island på grunn eit sterkt og trassig håp. Sjølv opplevde eg styrken i håp då eg var meklar på Balkan, sa Stoltenberg. Han fortalde han såg tre skulejenter kom gåande hand i hand. Nokre sekund etterpå vart dei plaffa ned.

Håpefull

«No gjev de opp», sa fleire. Då merka eg håpet. Eg gjev meg ikkje. Eg har eit sterkt håp om at me skal få det til.

Eller som president Václav Havel sa det: Eg er ikkje optimist, men er heller ikkje pessimist. Eg er håpefull. Håpet er nesten like viktig som livet. Utan håp når me ikkje måla våre, slutta Thorvald Stoltenberg innlegget sitt, og fekk ståande applaus.

Thorvald Stoltenberg sitt føredrag markerte avsparket for Eshowe-aksjonen ved Sogndal vidaregåande skule.

Les meir i papirutgåva/eavisa tysdag.

Internasjonal dag

...

Sjå bilete frå den internasjonale dagen på Sogndal vidaregåande skule med besøk av Thorvald Stoltenberg.

Sjå bilete


På forsiden nå


...

Ny kontrakt til Norsun

Nyhende Ein ny kontrakt gjer sitt til at det førebels ikkje blir fleire permitteringar ved waferfabrikken på Tangen. Les meir

...

Etter 674 dagar fekk Sogndal straffespark

Sport Sogndal fekk sitt første straffespark på 55 kampar då Haugesund vart slått 1–0 på bortebane måndag. Les meir

...

Travelt i Flåm og Skjolden

Nyhende Kjempa «Independence of the Seas» kom med 3.800 passasjerar til Flåm. Les meir

...

Slo Haugesund

Sport Sogndal slo Haugesund i kveld. Malick Mane sette inn kampens einaste mål frå straffemerket. Følg kampen her. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.