16 mot 13 røyster.
Dei folkevalde i Luster sa nei til Statkraft sine planar for kraftutbygging i Jostedalen.
Ti ønskjemål
Mindretalet gjekk inn for å seia ja til Statkraft, men spedde på med ti konkrete ønskjemål som dei forventar at NVE pålegg kraftgiganten å oppfylla. Medan mindretalet lit på at NVE ivaretek Luster sine interesser, går fleirtalet inn for at Statkraft må koma til forhandlingsbordet om giganten skal få eit ja frå Luster kommune.
Kraftig køyr
Statkraft fekk kraftig køyr for både gamle og nye innspel i konsesjonssaka. Utbyggjaren har truga med at toget går og at det er no eller aldri for Luster kommune. Til dette seier Ivar Buskaker frå Ap at Statkraft brått skulle mista interessa for Jostedalen er like sannsynlege som at jerven skulle slutta å eta sauer. Ap sprakk på midten, medan Sp måtte gje frå seg to av sju til mindretalet. V, Frp og SV gjekk for fleirtalsframlegget som vart utforma i Sp.
Nye kommentarar