...
Cruiseskipet Azamara Journey stogga utanfor bryggja i Undredal for å kjøpa lokal geitost. (Foto: Thomas Bommelaer)

Skip stogga for geitostkjøp

Gjestene på bryggja sperra augo opp då cruiseskipet vende baugen mot kaien i Undredal og stogga. Målet var undredalsosten.

Kai Martin Brekke E-post
Publisert 16.08.2011 kl 10:32 Oppdatert 16.08.2011 kl 10:34

Tips ein venn på e-post:

Det var søndag ostekjøpet av det meir spektakulære slaget gjekk føre seg.

Ville ha show

– Eg fekk ein telefon frå skipet søndag morgon om at dei ville laga litt ekstra show for passasjerane. Eg såg med ein gong føre meg at dei ville ha litt lokal underhaldning, men det dei ville ha var lokal ost, seier butikkeigar Leif Inge Underdal.

Ein lettbåt med mannskap vart sett på vatnet og vende kursen mot flytebryggja. På land stod Leif Inge Underdal klar med bestillinga, eit knippe av den populære undredalsosten, både brun og kvit. Like etter var lettbåten på veg mot moderskipet, med den edle vara om bord.

Sjeldan handel

– Er det vanleg med slik handel i Underdal?

– Nei, dette er heller sjeldan, men eg meiner det også har skjedd tidlegare, seier Underdal.



På forsiden nå


...

Kystvakta rydda fjorden etter raset

Nyhende Ber småbåtførarar vera på vakt. Les meir

...

Offerdalsvegen opna att

Nyhende Vart stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida laurdag. Les meir

...

Vil halda på fritt skuleval

Nyhende Noralv Distad og Høgre ønskjer å behalda Hordalandsavtalen for elevar i den vidaregåande skulen.. Les meir

...

Først ut med ny storfilm

Nyhende Sogndal Kino før verdspremeieren. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.