Årdal Turlag har fått midlar frå Norsk Tipping til å utbetra Gravdalen.
Midlane vil bli brukte til å skaffa benkar og bord til uteområdet i dalen. Møblane har ein verdi på fleirfoldige tusen og vil bli flogne opp med helikopter, noko Norsk Tipping også dekkjer.
Ledd i prosjekt
Det var Årdal Turlag som søkte om tippemidlane, og dei nye møblane kan sjåast som eit ledd i turlagets prosjekt om å utbetra Gravdalen.
– Me ønskjer at folk skal ta Gravdalen meir i bruk og jobbar difor med å gjera den meir brukarvenleg, seier dugnadsansvarleg for Gravdalen, Ole Magnar Nundal.
I dag er det tre sel i dalen med totalt tolv sengeplassar og kjøken med kokeutstyr. Årdal Turlag har restaurert alle tre på dugnad. Dei har også sett opp toalett ved sela. I tillegg består dugnadsarbeidet av rutinemessig tilsyn, slått, vedhogging og stirydding.
Auka trafikk
Besøkstala i området har gått opp dei siste åra, og trafikken er god. Ifølgje Nundal er det ikkje berre folk frå lokalsamfunnet som tek turen, men folk frå heile Noreg. Saman med Årdal Turlag håpar han likevel at endå fleire vil ta turen.
– Turlaget satsar på Gravdalen, og me ønskjer sjølvsagt at flest mogleg skal oppdaga staden. Det har blitt veldig fint der oppe, seier Nundal.
For å komma seg til Gravdalen kan ein anten gå til Avdalen og vidare oppover eller gå frå skihytta i Fardalen. Den sistnemnde ruta er ikkje fullt så tung som den første.
Nye kommentarar