Med røyken i kjeften, snusen under leppa, kaffi på traktaren og ølet under bordet, med heimekoseleg møblering og ein bassforsterkar i kjellaren, gjer Tyyl! seg klare til innspeling.
Under arbeidet med debutplata vart det mykje fokus på asbest og stadige utsetjingar. No har Tyyl! vore i studio med ein oppfølgjar, denne gong på heimebane.
Rigg
Utstyret vart provisorisk rigga til i huset til vokalist og gitarist Håvard Øyrehagen.
– Målet denne gong var litt lågare skuldrer og meir live-preg på plata. Etter å ha diskutert saka blei løysinga å flytta heim til garden i Fardal, senda kone og bikkje på ferie og rigga opp i bustadhuset, seier han.
Den første dagen gjekk med til å gjera om frå gard til studio. Med utstyr til ein verdi på vel 700.000 kroner, er det langt frå snakk om nokon soveromsproduksjon. Innspelinga vart gjort live i studio, med minst mogleg redigering i etterkant, eit grep gjort for å sikra eit råare uttrykk.
Energi
Med som produsent er Arne Aasland som driv Sounderground Studio.
– Me har ingen dogmer, gjer me feil, så rettar me det opp, men me vil gjerne bevara energien i bandet, seier Aasland. Produsenten har jobba med Tyyl! før. At kjemien stemmer betyr ein del når ein skal jobba så tett i ni dagar. Aasland trur det er fleire fordelar ved å velja eige stove til studio.
– Det er lettare å slappa av og ikkje binda seg, som ein kanskje kan gjera om innspelinga går føre seg i eit sterilt studio, seier han. At møblane fekk stå som dei stod, bidrog berre positivt til lyden, trur han.
– I tillegg er det nok av madrassar å ta av, seier Aasland. For å runda ytterlegare av dei skarpare kantane i lydbiletet vart skumgummimadrassar plassert strategisk rundt om i huset.
Avslappa
Som sist er det mykje kvinnfolk i tekstane og låtane har fått tylne titlar som Maskin, Tølpar og Sambandsstatsamerika. Alle er skrivne i løpet av det siste året, noko Øyrehagen håpar vil få plata til å framstå som meir einheitleg.
– På førre plate hadde me låtar laga over ein periode på fem år, no får me ikkje eit så stort spenn, på godt og vondt, seier han.
Mange av låtane vart tekne med i studio uferdige, for så å bli jobba inn under innspelinga.
– Dette er ein mykje betre måte å spela inn på enn førre gong. Når du spelar saman med andre får du ei mykje betre kjensle av å spela musikk, samanlikna med å sitja åleine og spela inn eit spor, seier Øyrehagen. Bassisten i bandet, Vegard Styve Loftesnes, er einig.
Gruppa får kommunisere betre med kvarandre undervegs, ein får jobba meir med det musikalske og kan leva seg meir inn i det, seier han.
Beintøft
På søndag var plata ferdig innspelt. Med berre ni dagar studiotid vart det lange dagar, stort sett frå ti om morgonen til ti om kvelden. Songane vart spelt inn ein og ein, med instrument om dagen og vokal om kvelden. Det endelege produktet vil innehalda vel eit dusin nye låtar.
– Me har utvikla oss, skriv sterkare låtar og har blitt enda meir samspelte enn sist, seier Loftesnes.
– Eg trur det blir beintøft, med stor variasjon, seier han.
No startar festivalsommaren for alvor for bandet, med Målrock i Årdal, Glopperock i Sandane og Øyanatt i Oslo i løpet av august.
Allereie til hausten vil det kunne koma smakebitar frå det nye albumet.
Nye kommentarar