Ein deltakar i sykkelrittet Jotunheimen Rundt er send til sjukehus etter ei utforkøyring ved Turtagrø. Vinnaren Mikael Johansen frå Førde brukte 13.16 over fjella og var heilt suveren.
Syklisten køyrde utfor vegen ved Turtagrø, men ifølgje NRK er det førebels ukjent for politiet korleis dette har skjedd.
Sogn Avis har prata med ein som sykla saman med den uheldige.
I stor fart nedover mot Turtagrø svikta bremsane. Han traff autovernet og rulla 15 meter nedover skråninga. Hjelmen sprakk, men syklisten slapp utruleg nok frå det med skrubbsår på knea, fortel Ole Nævdal frå Røholt Sykkel, som er klubbkamerat.
Førdianar vann
Dei første syklistane i Jotunheimen Rundt er forlengst i mål, etter å ha sykla heile natta frå Lærdal, via Fagernes og til Sogndal over Sognefjellet.
Mikael Johansen frå Førde CK var førstemann over dei tre fjellovergangane. Han sykla i mål på 13.16 som er ein sterk prestasjon under eit sykkelritt der det regna i eitt frå Lærdal til forbi Lom og der mange sleit med kulde og vanskelege forhold.
Topp tre:
1. Mikael Johansen, Førde CK 13.16,26
2. Pål Erik Krangås, Orkla CK 13.49, 25
3. Maxim Golev, CK Victoria 13.59,37
Beste sogning Erik Stedje, Sogn CK med 14.27,32.
Den uheldige syklisten som mista bremsane like over Turtagrø er send til Førde sjukehus med ambulanse, men skal altså berre vera lettare skadd, heldigvis.
Nye kommentarar