I fjor sommar kryssa ho Sognefjorden frå Borlaug til Leikanger. No er ho i full gang med å bu seg på ei ny fjordkryssing.
Onsdag var Charlotte Roaldseth attende i Leikanger, ho kom for å ta i mot Sogn fjordsymjeklubb sin gjeve pris, Årets fjordelskar.
– Charlotte er ein uvanleg verdig mottakar av Fjordelskarprisen, seier leiar av fjordsymjeklubben, Sarah Jane Hails, og rosar den unge kvinna med cerebral parese.
Vatn er fridom
Ei motorisk funksjonshemming hindra ikkje 23-åringen frå å satsa. Ho brukte fire og ein halv time på å kryssa, distansen blei til slutt 4,2 kilometer.
– For meg er vatn fridom, seier Charlotte, som til vanleg sit i rullestol.
Den treningsglade jenta har blitt så glad i vatn at ho like godt siktar mot ei ny fjordkryssing.
Blei oppfordra
– Eg fekk snøgt oppfordringar om å gjera dette ein gong til, fortel ho, og opplyser at ho har Freifjorden i sikte i juli, ei 1500 meter lenger fjordkryssing enn Sognefjorden i juli i fjor.
Og går det bra med den breie fjorden i Romsdal, då står Hardangerfjorden for tur, og Trondheimsfjorden, og...
Alt er mogleg
Vel, alle langsymjarar drøymer om Kanalen, kanskje krabbar Charlotte ut frå Shakespeare Beach i Folkstone ein dag? Ho har god tid på seg, dei fleste kanalsymjarar er vel vaksne folk.
Sarah Jans Hails er glad for at klubben får høve til å hylla den unge symjaren.
– Alt er mogleg om ein vil det mykje nok, seier ho, og held fram:
– Charlotte har eit handikapp, men ho valde å trassa det og gå for draumen sin.
Fremjing
Å kryssa ein brei vestlandsfjord vil dei fleste funksjonsfriske kvi seg for. Men Charlotte Roaldseth såg seg ut fjorden som arena for utfordringar. No har ho fått prisen for eineståande fremjing av fjordbasert aktivitet.
– Ho er eit eksempel for andre, seier leiaren, som kan oppsummera fire pristildelingar sidan 2005.
I helga er Charlotte Roaldseth med og markerer opninga av årets sommarbaserte fjordsymjesesong. Det skjer laurdag, i etterkant av innkomst på Kjeringi Open, i hotellhagen på Leikanger.
Nye kommentarar