Bølgjer i Strandavegen på Leikanger. (Film: Leif Hus)

Fjorden svinga av skjelvet

Jordskjelvet i Japan er mest truleg årsaken til at det har gynga fleire stader i Sognefjorden i morgontimane fredag.

Terje Eggum E-post
Publisert 15.03.2011 kl 11:15 Oppdatert 15.03.2011 kl 13:56

Tips ein venn på e-post:


...
Sogn Avis sine lesarar har rapportert frå fire ulike stader om uvanlege bølgjer i Sognefjorden fredag.

Professor i geologi, Stein Bondevik, trur det finst ein samanheng.

Målestasjonen

Utskrift frå Norsar, som er tilgjengeleg på nettstaden jordskjelv.no, viser at ein litt seinare verknad av jordskjelvet i Japan, den såkalla overflatelydbølgja, har nådd målestasjonen på Vangsåsen i Hedmark litt før klokka åtte fredag, om lag på same tida Sogn Avis sine lesarar, på fire ulike stader i fjorden, har observert fenomenet.

Observert før

– Det er svært interessant, seier Stein Bondevik, og opplyser at det ikkje er ukjent at jordskjelv ute kan forplanta seg i vassoverflata, men då helst på innsjøar.

Han opplyser at dette er rapportert så langt attende som til det store jordskjelvet i Portugal, i 1755, men også frå 1950, då det var eit stort jordskjelv i Tibet.

På Otterskred

Professoren har lytta med stor interesse til ei hending som Dagfinn Otterskred i Vik har formidla til Sogn Avis. Sistnemnde fortel dette:

– Far min opplevde for mange år sidan at fjorden nedfor Otterskred brått steig inntil halvannan høgdemeter, sjøen gjekk opp og attende fleire gonger, og far min undra seg fælt over kva det var som låg bak.

NRK Dagsnytt

Men om kvelden fekk far til Dagfinn Otterskred, som gjekk bort i 1997, svaret på mysteriet. Den kvelden melde NRK Dagsnytt om eit kraftig jordskjelv i Japan.

– At dette hende no att, same dagen som Japan hadde eit nytt kraftig jordskjelv, kan ikkje vera tilfeldig, seier Dagfinn Otterskred, som minnest at far hans ofte kom attende til det underlege samanfallet i hendinga langs fjorden og katastrofa, den gongen, i Japan.

Vilkår oppfylde

– Kan jordskjelvet i Japan ha ein til no ukjent verknad i Sognefjorden?

– Ja, men ikkje heilt ukjent, seier Stein Bondevik, og presiserer at det handlar om dei såkalla overflatelydbølgjene etter skjelvet, såleis ikkje dei første og heller ikkje dei andre impulsane, men snarare ein verknad som kjem i ein tredje fase.

– Det er også avgjerande at impulsane høver med fjordens djupne og breidde, seier han, og legg til:

– Det oppstår ikkje svingingar i ei kva vassoverflate som helst.

Eigensvingingar

Fenomenet har nemninga seiches, det som skjer er at bølgjene frå skjelvet viser seg å passa med eigensvingingane til nett denne fjorden.

Stein Bondevik vedgår at han ikkje hadde trudd det var mogleg over denne avstanden.

– Avstanden er svært interessant her, seier han, og opplyser at det ikkje er rapportert i samband med to store skjelv, Alaska i 1964 og Sumatra i 2004.

– Men det inneber ikkje at det ikkje har skjedd, seier professoren.

Etterlyser

Han ynskjer mest mogleg informasjon om fenomenet som er observert i etterkant av skjelvet.

– Eg høyrer gjerne frå fleire som har opplysningar om dette, seier Stein Bondevik.

Leif Hus, som har filma bølgjene i Strandavegen på Leikanger fredag, opplyser at høgdeskilnaden på når vatnet var heilt opp og heilt nede var minst 1,8 meter.

På framsida no


...

Her kjem eit nytt motbakkeløp

Neste haust vil eit heilt nytt løp vera klart for dei som likar å løysa sveitten i motbakkar. Målsnora vert plassert på Raudmelen i Balestrand.

...

Slutt på laurdagspost

Regjeringa la onsdag eit forslag til ny postlov og postføreskrift ut på høyring.

...

Må låna 23 millionar meir til helsesenter

No må Sogndal ta opp meir lån for å realisera det nye helsesenteret.

...

Vil la ungdom prøva seg som journalistar

Er du mellom 15 og 19 år har lyst til å prøva deg som journalist – og samtidig tevla om fine premiar?