Den nytilsette presten inviterer til kulturkveld i kyrkjelydshuset i kveld.
Carsten Wind Hansen er tilsett som prest i Årdal og seier det er naturleg at han held ein kulturkveld for folk i Årdal, først i kyrkjelydshuset på Årdalstangen og seinare i Øvre Årdal.
– Eg vil møta bygdefolket, seier dansken med fortid blant anna som feltprest i Afghanistan.
Utdanninga som feltprest omfattar både psykolog, våpenbruk, førstehjelp, radiokommunikasjon, språk og tryggleiksteneste.
– Dette med henblikk på aktiv teneste, seier Wind Hansen, som vil fortelja dei frammøtte frå tida si i Afghanistan og Irak.
Wind Hansen var blant anna med danske soldatar u på patrulje fleire gonger.
– Eg vil seia litt om kva det betyr å vera feltprest.
Innlegg frå Sognatreff | ||
Nye kommentarar