Ingen tilsette eller bebuarar ved Lærdal alders- og sjukeheim er lenger berarar av motstandsdyktige gule stafylokokkar.
Det vart i starten av juni påvist MRSA på Lærdal alders- og sjukeheim. Dette er bakteriar av typen gule stafylokokkar som er motstandsdyktige mot dei vanlegast brukte antibiotika.
Sidan då har det vorte gjennomførd eit strengt smitte- og saneringsregime ved dei råka avdelingane. Dette har gjeve resultat, vert det opplyst i ei pressemelding frå kommunen.
– Siste prøvetaking viser at institusjonen no er smittefri ved at ingen tilsette eller bebuarar er berar av MRSA. Dette er bekrefta ved naudsynte kontrollprøvar, fortel smittevernlege Frode Myklebust.
Sjukeheimen vil ha nokre restriksjonar fram til august 2011. Dette gjeld fyst og fremst bebuarar som skal ha kirurgisk behandling ved sjukehus. Dei må bli dokumentert smittefrie før innlegging.
Sjukeheimen har no normal drift og tidlegare inntaksrestriksjonar er opphøyrde.
– Me vil takka hygienesjukepleiar og mikrobiologisk avdeling i Helse Førde for godt samarbeid i saneringsarbeidet, seier smittevernlege Frode Myklebust og pleie- og omsorgsleiar Gudrun Sigurdardottir.
Nye kommentarar