– Berre småpengar, seier Eva Joly om armbandet til 25.000 som Liv Signe Navarsete fekk i gudmorgåve.
– Dei store korrupsjonsproblema ligg i våpenkontraktane og i utbyggingsprosjekta. Det er der me skal leita, seier Joly til NTB.
Ho tykkjer det er heilt frykteleg om politikerkarrieren til Navarsete er over som følgje av smykkegåva frå Aker Yards.
– Dette er litt det norske at ingen skal ha noko. Dette er verkeleg småpengar, seier Joly.
Likningskontoret skal stadfesta
Liv Signe Navarsete melde i går at ho vil be skattemyndigheitene gå god for at ho har betalt skatt av armbandet.
– Eg vil i morgon be likningskontoret stadfesta at det ikkje har kome fram nye opplysningar i saka – det vil seia at eg har oppgitt armbandet til skattlegging, sa Navarsete på Aktuelt på NRK2 onsdag kveld.
Regjeringa avgjer
Rød Ungdom melde onsdag Navarsete til politiet for korrupsjon. Etter det VG erfarer, hadde Økokrim og Riksadvokaten i går samtalar om Navarsete-saka.
Men det er regjeringa som avgjer om det skal takast ut tiltale eller ikkje. Det skal ikkje vera avgjort om saka skal etterforskast.
– Me har ikkje andre kommentarar no, enn at me i løpet av kort tid skal ta stilling meldinga og om det skal setjast i gang etterforsking eller ikkje, seier økokrimsjef Trond Eirik Schea til VG.
Nye kommentarar