Oppdrettsanlegga i Sognefjorden må bort dersom eigarane ikkje tek til vit og byggjer tette anlegg.
Miljøvernleiar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund er klar i talen. Denne veka er han i Sogn for å informera politikarar og fastbuande om stoda i oppvekstnæringa.
– No må det takast tak slik at Sognefjorden ikkje vert ein søppelfjord, seier Oddekalv om bord i Miljødronninga. I går hadde skipet strandhogg i Leikanger og i Sogndal.
Tragisk
– Eg opplever eit stort engasjement hjå folk. Mange er opprørde over planane om å flytta oppdrettsanlegg frå Hardangerfjorden til Sognefjorden. Å få 14 nye oppdrettsanlegg i denne fjorden, må verta stogga. Tenk berre all nedslamming av fiskeskit i desse anlegga, svarar til av<\h>føring frå 70.000 slaktegris. Dette er tal eg har henta frå vitskaplege rapportar, seier miljøkrigaren.
I Leikanger var han mellom anna innom fylkeshuset for å henta med seg nokre byråkratar, som no får ansvar for mellom annan å koma med tilrådingar når det gjeld oppdrettsanlegg.
Fortvilande
– Forstår du at leiarar i elveeigarlag no samla går saman ut for å hindra nye oppdrettsanlegg i ytre delen av Sognefjorden?
– Eg skjønar fortvilinga deira. Uforsvarleg er tilhøva i dag. Rekninga er vorte for stor. Sjå alle elevane som er øydelagde. Eg håpar inderleg at de her i fylket set foten ned og kjem med klare krav til oppdrettarane. De må krevja tette og flytande anlegg. Då hindrar ein at fisk kan røma, fiskeskit vert ikkje liggjande under mærdene og øydeleggja alt liv i fjorden. Dei må pumpa vatn opp frå over 50 meter til anlegga og slik unngå lakselus. Teknologien er her, seier Oddekalv. Han viser til I Finnmark har Grieg-selskap har bygd tette anlegg, og sel avføring frå fisk som gjødsel.
Laksefjord
Sognefjorden er i dag laksefjord ut til grensa mot Høyanger. Innanfor Høyanger er det ikkje lov å ha oppdrettsanlegg.
– Heile Sognefjorden skulle vore ein laksefjord.
– Du vil ha oppdrettsanlegga ut av fjorden?
– I alle fall dersom oppdrettarane ikkje tek til vit og byggjer lukka oppdretts<\h>anlegg. Me har vore og filma under anlegg, og ser korleis fiskeskit og restar av medisin hopar seg opp. Ei skam for nasjonen, seier Oddekalv. Han viser til fiskeriministeren, Lisbeth Berg-Hansen, og direktør i fiskeridirektoratet, Liv Kristin Holmefjord, båe er eigarar på oppdrettssida.
Håpar på fylket
– Fylkeskommunen har no fått ansvar når det gjeld fiskeoppdrett. Eg håpar dei tek ansvar. Oppdrett er ei næring på ville vegar. Me har ikkje råd til å driva på slik me gjer i dag, seier Oddekalv, og seier rett ut at me her har å gjera med ei næring som er van til å gjera som dei sjølv vil.
– Korleis skal det gjerast?
– Det er ikkje noko hokuspokus, men det krevst politisk vilje slik at me skal få denne næringa inn i ei ny form, seier Kurt Oddekalv.
TOPP UTSTYR: – Miljødronninga er verdas mest miljøretta snøggbåt, seier Kurt Oddekalv. Denne veka er han på ferd inn Sognefjorden for å fortelja politikarar og folk flest kor ille det er om endå fleire oppdrettsanlegg skal få etablera seg i ytre deler av Sognefjorden.
Nye kommentarar